Historisk arkiv

Forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 096-97, Dato 13. oktober 1997

Forsking

Dei samla løyvingane til forsking over KUF sitt budsjett blir vidareførte på eit høgt nivå. Desse midlane utgjer meir enn 40 prosent av dei samla offentlege nettoløyvingane til forsking.

Meir enn to tredelar av departementet sine midlar til forsking blir overførte gjennom dei vanlege løyvingane til universitet og høgskular. Den høge aktiviteten i universitets- og høgskulesektoren vil halde fram. Det er òg gjort framlegg om å vidareføre løyvingar til særskilde forskingsføremål som Noregs forskingsråd, ein del forskingsinstitutt og internasjonalt forskingssamarbeid på om lag same nivå som i 1997, til saman 1,26 milliardar kroner.

For 1998 er det gjort framlegg om å løyve 555 millionar kroner til forskingsføremål i Noregs forskingsråd. Dette utgjer ein nominell reduksjon på 1 prosent frå 1997. Innafor budsjettet er løyvingar til miljø- og klimaforsking prioriterte og styrka. Det er framleis øyremerkt særskilde midlar til vitskapleg utstyr. For 1998 er denne summen på 20 millionar kroner.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg stor vekt på det internasjonale forskingssamarbeidet. Noreg deltek fullt ut i forskingssamarbeidet med EU under EØS-avtalen, og norske forskingsmiljø har så langt hevda seg bra. Dette aktive samarbeidet skal halde fram.

Pressekontaktar:

Avdelingsdirektør Grete Ek Ulland, tlf. a 22 24 74 62, p 22 50 29 37
Underdirektør Kari Balke Øiseth, tlf a 22 24 74 63, p 67 54 38 83

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen