Historisk arkiv

Fritaksretten for kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 007-97
23. januar

Fritaksretten for kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering

Lagdommar Erik Møse har leverte onsdag utgreiinga om fritaksretten knytt til faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering til kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. Erik Møse fekk i oppdrag å vurdere kva grenser dei folkerettslege pliktene våre set for obligatorisk grunnskuleopplæring, særleg knytt til det nye faget.

I utgreiinga er det gitt grundig greie for dei relevante menneskerettsvedtaka og praksisen frå dei internasjonale tilsynsorgana.

Det er vidare gitt ei utgreiing om forholdet mellom det nye faget og dei krava som kan sluttast av konvensjonane.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal sa i samband med overrekkinga:

-Eg er glad for at utgreiinga om fritaksrett no ligg føre. Erik Møse har greidd ut kva grenser folkerettslege plikter set for obligatorisk grunnskuleopplæring, særleg knytt til det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

Eg har merka meg at Møse sjølvsagt finn det tryggast med fullt fritak i faget. Det er ikkje overraskande at ein frå ein juridisk synsvinkel konkluderer med at det tryggaste er ein generell fritaksrett. Det er heller aldri lagt skjul på at det nye faget er eit pionerarbeid. Vi bryt nytt land. Det er heller inga overdriving å seie at i den politiske verda er ikkje akkurat tryggleik det mest framståande substantivet. Det sentrale politiske er: Er det juridisk mogeleg, eller innanfor "grensa" å praktisere faget slik det er tenkt og slik det er utforma av Regjeringa og Stortinget utan at ein bryt med konvensjonane? Så langt eg har fått høve til å sjå på materialet, synest ikkje ein avgrensa fritaksrett å vere i strid med konvensjonane. Dette inneber slik eg ser det at praksis og læremidlar i faget no blir det sentrale. Her har departementet eit stort ansvar, og vi vil følgje dette opp med tiltak for m.a. å sikre kompetansen til lærarane.

Eg har elles merka meg at Møse legg til grunn at det rettskjeldematerialet som ligg føre taler for at faget er meint å vere eit kunnskapsfag (skolefag), utan forkynning, og der same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for alle religionar og livssyn. Faget er altså meint å vere nøytralt og objektivt.

Eg har merka meg at han understrekar at ingen må tvingast til å delta i religøse aktivitetar som m a inkluderer skuleavslutning i kyrkja, salmesong i musikktimen og illustrasjonar/bilete og utanåtlæring. Eg gjer merksam på at dette heile tida har vore holdninga til departementet og at det er lagt til grunn i dei dokumenta som er presenterte for Stortinget.

Eg har merka meg at faget ikkje vil vere i strid med konvensjonane sjølv om læreplanen legg hovudvekta på eitt livssyn, såframt dette livssynet ikkje blir gitt ein etter måten dominerande plass.

Møse har vurdert formålsparagrafen til grunnskolen og han kjem fram til at den ikkje synest å vere i strid med konvensjonane såframt formålsparagrafen blir tolka i lys av det nye faget.

Møse understrekar at gjennomføringa og praktiseringa av faget ved den enkelte skulen blir viktig. Han understrekar at dersom lærarane ikkje kan nok eller at det ikkje ligg føre læremidlar slik at det kan giast nøytral opplæring når det nye faget tek til å gjelde, vil det oppstå ein situasjon som er i strid med konvensjonane. Eg vil understreke at dette punktet skal følgjast nøye opp i det vidare arbeidet med fritaksspørsmålet.

Lagt inn 23 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen