Historisk arkiv

Høgskolen i Agder får sivilingeniørutdanning i telematikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 039-97
15. mai

Høgskolen i Agder får sivilingeniørutdanning i telematikk

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har tildelt Høgskolen i Agder sivilingeniør-utdanning i telematikk. Studiet, som er ei 2-årig påbygging for kandidatar med 3-årig høgskuleingeniørutdanning, blir sett i verk frå og med hausten 1997.

-Med etableringa av dette studiet understrekar vi den nøkkelrolla Høgskolen i Agder vil spele når det gjeld utdanning innan informasjonsteknolgoi og som kompetansemiljø i regionen, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

-Behovet for kandidatar med høgre utdanning innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi er i dag svært stort. Både det å opprette dette studietilbodet ved Høgskolen i Agder og å auke kapasiteten ved universiteta vil vere med på å betre situasjonen. Særksilt vil eit sivilingeniørstudium ved Høgskolen i Agder kunne bidra positivt til ei vidare utvikling av næringslivet i regionen innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Vi føreset at lokale og regionale styresmakter og særleg det regionale næringslivet støttar opp om dette nye studietilbodet. Institusjonen har nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar innan utdanning og næringsliv som vil kunne bidra til at studiet blir relevant og kan dekke behov som næringslivet har i dag, seier Sandal.

Lagt inn 15 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen