Historisk arkiv

Høgt aktivitetsnivå innanfor utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.090-97, Dato 13. oktober 1997

Høgt aktivitetsnivå innanfor utdanning

Budsjettframlegget frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er på til saman 34, 9 milliardar kroner. Ein legg opp til vidareføring av eit høgt aktivitetsnivå prega av utdanningsreformene. Budsjettet aukar med 3,8 prosent i høve til vedtatt budsjett for 1997, når det samstundes vert korrigert for tekniske endringar og lånetransaksjonar.

- Løyvingane til grunnskuleføremål over KUF sitt budsjett aukar med 8,3 prosent til vel 2,1 milliardar kroner. Dette har mellom anna samanheng med at Reform 97 får heilårsverknad på budsjettet første gongen i 1998. Det blir òg løyvt rundt 2,1 milliardar kroner over Kommunaldepartementet sitt budsjett som kompensasjon til kommunesektoren for auka driftsutgifter som følgje av grunnskulereforma.

- Løyvingane til vidaregåande opplæring aukar med 9 prosent når det samstundes vert korrigert for tekniske endringar. Innsatsen for å opprette nok læreplassar held fram. Den særskilte løyvinga på 250 millionar kroner til styrking av lærlingordninga blir ført vidare.

- Det blir gjort framlegg om å løyve til saman 90 millionar kroner til oppfølging av stortingsmeldinga Om innvandring og det flerkulturelle Norge. Midlane går til innføring av nivåbasert opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og flyktningar - og til grunnskuleopplæring for innvandrarar og flyktningar mellom 16 og 20 år som ikkje har slik opplæring frå før.

- Når det gjeld høgre utdanning blir det gjort framlegg om å løyve om lag 13 milliardar kroner. 26,5 millionar kroner går til nye studieplassar som oppfølging av Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell. For m.a. å finansiere dei nye studieplassane innan dei prioriterte utdanningane ved dei statlege høgskulane, vert det gjort framlegg om å omdisponere studieplassar i høgskulesektoren og redusere talet på studieplassar ved universiteta.

- For å betre busituasjonen for studentane blir det gjort framlegg om å auke løyvingane til bygging av studentbustader med 20 millionar kroner i 1998 i forhold til statsbudsjettet for 1997. Dette gir rom for byggjestart av 450 nye bustader neste år.

Her er hovudtala for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (i 1000 kr):

Endeleg budsjett (SIII) 1997

Framlegg 1998

Endring i prosent

Administrasjon

290 132

314 863

8,5

Grunnskulen

1 963 904

2 126 688

8,3

Vidaregåande opplæring

1 227 723

1 257 516

2,4

Andre tiltak i utdanninga

1 698 963

1 756 435

3,4

Anna vaksenopplæring

972 058

1 026 428

5,6

Høgre utdanning

12 812 515

12 952 178

1,1

Forsking

1 246 567

1 258 278

0,9

Stipend og sosiale føremål

7 234 504

7 194 112

-0,6

Den norske kyrkja

861 742

753 110

-12,6

Sum før lånetransaksjonar

28 308 108

28 639 608

1,2

Lånetransaksjonar*

6 581 000

6 259 000

-4,9

Sum Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

34 889 108

34 898 608

0,0

* Lånetransaksjonar gjeld kap. 2410 post 90 Lån til Statens Lånekasse for utdanning. Denne posten vart tidlegare ført under Finansdepartementet, men vart flytta ved stortingsbehandlinga av budsjettet for 1997.

St prp nr 1 (1997-98) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil vere tilgjengeleg på internett med denne adressa:

http://odin.dep.no/bud98/

Pressekontaktar:

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen