Historisk arkiv

Hovudfag i kulturstudium ved Høgskulen i Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 047-97
12. juni

Hovudfag i kulturstudium ved Høgskulen i Telemark

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i dag godkjent at det kan etablerast hovudfag i kulturstudium ved Høgskulen i Telemark. Det nye hovudfaget er eit tverrfagleg humanistisk studium som ikkje har nokon parallell ved universiteta, og blir det einaste i sitt slag i Noreg.

Høgskulen i Telemark har frå tidlegare eit breitt studietilbod innanfor kulturfag og humanistiske fag, og har eit stort fagmiljø på området. Studietilbodet omfattar mellom anna eitt-, to- og treårige studium i kulturfag, humanistiske fag som historie, norsk og engelsk, forfattarstudium og dessutan studia i folkekunst og folkemusikk i Rauland. Hovudfaget i kulturstudium passar dermed godt inn i høgskulen sin fagprofil.

-Hovudfag i kulturstudium ved Høgskulen i Telemark er ei spennande nyskaping som har blitt positivt mottatt i fagmiljøet i Noreg. Etableringa av studiet reflekterer den breie kompetansen på området ved høgskulen, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

Lagt inn 12 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen