Historisk arkiv

Informasjonsteknologi-utdanninga: Stor auke i opptakskapasiteten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 059-97
7. juli

Informasjonsteknologi-utdanninga:

Stor auke i opptakskapasiteten

Regjeringa har no oppretta 40 nye studieplassar innan informasjonsteknologi (IT) på sivilingeniør- og hovudfagsnivå. Desse plassane kjem i tillegg til dei 105 nye plassane innan IT som blei oppretta tidlegare i vår, inkludert 25 nye sivilingeniørplassar ved Høgskolen i Agder og 30 plassar ved NTNU for å auke rekrutteringa av kvinner til IT-utdanninga.

-Dei nye studieplassane som vi no opprettar innan IT-sektoren vil gjere oss betre rusta til å møte den veksande etterspurnaden etter IT-kompetanse på høgt nivå. Det er stort behov for kandidatar med IT-utdanning på høgre nivå i arbeids- og næringsliv, seier statsråd Reidar Sandal i ein kommentar.

Dei nye plassane er fordelt slik:

Universitetet i Oslo

15

Universitetet i Bergen

10

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

15

Det har dei seinaste åra blitt uteksaminert om lag 270 cand. scientar og sivilingeniørar i informasjonsteknologi årleg. I tillegg kjem hovudfagskandidatar frå andre fagdisiplinar med eit sterkt innslag av informatikk i fagkrinsen og studentar som tek IT-utdanning i utlandet.

Opptaket i år til IT-utdanning på sivilingeniør- og hovudfagsnivå i Noreg er såleis auka med 145 plassar eller med om lag 50 prosent i høve til i fjor.

Lagt inn 7 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen