Historisk arkiv

Kjellbjørg Lunde ny utdanningsdirektør i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 027-97
11. april

Kjellbjørg Lunde ny utdanningsdirektør i Hordaland

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har tilsett Kjellbjørg Lunde (52) som ny utdanningsdirektør i Hordaland. Ho etterfølgjer Per Kvist som går av ved oppnådd aldersgrense.

Kjellbjørg Lunde er inne i sin fjerde periode som stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti, innvalt frå Hordaland. Ho har lærarutdanning og vidareutdanning innan spesialpedagogikk og pedagogisk rettleiing. Lunde har m.a. arbeidd som lærar ved Stord ungdomsskule, Sævarhagen skule, Hystad skule og som øvingslærar for Stord Lærarhøgskule. Då ho vart valt inn som stortingsrepresentant i 1981 var ho tilsett som høgskulelærar ved Stord Lærarhøgskule.

Kjellbjørg Lunde har hatt ei rekkje tillitsverv, både for Norsk Spesiallærarlag og for Sosialistisk Venstreparti. Som stortingsrepresentant har ho site i Kommunal- og miljøkomiteen, Administrasjons- og forbrukarkomiteen og Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Ho har vore parlamentarisk leiar for Sosialistisk Venstreparti si stortingsgruppe frå 1989.

Lagt inn 11 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen