Historisk arkiv

Klår betring sidan 1995 - men store skilnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 069-97
7. august

IT-sikringa i norsk skule:

Klår betring sidan 1995 - men store skilnader

Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjennomført ei undersøking om informasjonsteknologi (IT) i skulen på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Føremålet med undersøkinga var m.a. å kartleggje dagens situasjon når det gjeld utstyr og programvare, høve til bruk av Internett, lærarane sin brukarkompetanse i IT og planane skulane har når det gjeld IT. Undersøkinga er delvis den same som Bruk av EDB i skolen - tilstandsundersøkelse i undervisningssituasjoner frå 1995 .

På barnetrinnet er det 22 elevar pr PC som er tilgjengeleg for elevane, på ungdomstrinnet og på 1-9-skulane 16 elevar og i vidaregåande opplæring seks elevar. Dette er en klår betring sidan 1995.

Dersom ein derimot tek utgangspunkt i det totale talet PCar i skulen, er det i 1997 14 elevar pr PC på barnetrinnet, nesten 11 elevar på ungdomstrinnet og på 1-9 skulane og fire elevar i dei vidaregåande skulane.

Resultatet viser at det har skjedd ei betring i PC-situasjonen i alle skuletypane frå 1995 til 1997, og betringa har vore størst på barnetrinnet og på ungdomstrinnet.

Geografiske skilnader

I grunnskulen er PC-dekninga best i Sogn og Fjordane. For heile grunnskulen er det knapt 13 elevar pr tilgjengeleg PC i fylket. Dårlegast er tilstanden i Vest-Agder der det er 26 elevar pr tilgjengeleg PC. I vidaregåande skule er PC-dekninga best i Troms med fire elevar pr PC tilgjengeleg for elevane og svakast i Akershus med over sju elevar pr PC.

Generelt er landkommunar mykje betre dekka med PCar enn bykommunar og tilstanden betre ved små skular enn ved store skular.

For elevane er det 25 166 PCar i grunnskulen og 28 792 i vidaregåande skule. For lærarane er det 6 513 PCar i grunnskulen og 5 806 i vidaregåande skule. Administrasjonen i grunnskulen disponerer 6 811 PC'ar i grunnskulen og 4 429 PCar i vidaregåande skule.

24 % av barneskulane, 57 % av ungdomsskulane og 90 % av dei vidaregåande skulane er tilknytta Internett. Ved 15 % av barneskulane, 45 % av ungdomsskulane og 82 % av dei vidaregåande skulane har elevane tilgang til Internett.

Lærarkompetanse

I grunnskulen meistrar 74 % av lærarane enkel teksthandsaming, medan det tilsvarande talet er 77 % i vidaregåande skule. Derimot oppgir skulane at berre 19 % av læararane i grunnskulen kan bruke eit rekneark, medan talet er 32 % i vidaregåande skule. 36 % av lærarane i vidaregåande, medan berre 19 % av lærarane i grunnskulen kan bruke Internett. Fleire lærarar i grunnskulen enn i vidaregåande skule kan bruke informasjonsteknologi (IT) som pedagogisk og spesialpedagogisk verkty. I grunnskulen er det fleire lærarar i landkommunar enn i bykommunar som kan bruke teksthandsaming og rekneark, medan situasjonen er motsett for bruk at Internett.

-Sjølv om utviklinga når det gjeld IT i skulen er positiv, viser undersøkinga store skilnader kommunane imellom, seier kyrkje-, utdannings- og forkingsminister Reidar Sandal. Regjeringa vil slik Stortinget har bedt om leggje fram ein plan for elevane sitt møte med informasjonsteknologien. Utstyret må på plass. Like viktig er den pedagogiske bruken av IT. Undersøkinga gir indikasjonar på at kompetansen blant lærarane ikkje er god nok. Regjeringa vil difor også fokusere på bruk av IT og lærarane sin kompetanse i den varsla planen, seier Sandal.

Resultata av undersøkinga kan hentast ut på Internett.

Adresse: linkdoc014005-990099#dochttp://odin.dep.no/kuf/proj/it/ssb.html

Nærare opplysningar om undersøkinga:

Informasjonskontoret i KUF eller

avd.dir. Fred-Arne Ødegaard, tlf. 22 24 74 47, p 63 97 26 21, mobil 90 05 5312 e-post linkurlmailto:fao@kuf.dep.telemax.no_blankfao@kuf.dep.telemax.no.

SSB: Hanne Marit Teigum, tlf. 22 86 46 62, Anne Sundvoll, tlf. 22 86 46 90

Lagt inn 7 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen