Historisk arkiv

KUF og lærarorgansiasjonane samde om leseplikta for førsteklassen/førskulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 024
21. mars

KUF og lærarorgansiasjonane samde om leseplikta for førsteklassen/førskulen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og lærarorganisasjonane; Norsk Lærarlag, Skolenes Landsforbund, Norsk Musikerforbund, Norsk Skolelederforbund vart fredag samde om at den gjennomsnittlege leseplikta i førsteklassen/førskulen i grunnskulen skal utgjere 25 timar på vekebasis og årsramma 950 timar. "190-timarsramma" vert utvida med 10 timar for dei som arbeider i den nye førsteklassen/førskulen. Utover dette vert det ikkje gjort endringar i høve til dei reglane som gjeld arbeidstid, leseplikt og konverteringsordningar i grunnskulen.

Avtalen som no er forhandla fram, inneber at staten har auka tilbodet sitt med ein kostnad som tilsvarar om lag 155 millionar kroner i høve til det siste tilbodet som ligg til handsaming i den særskilde nemnda. Organisasjonane på si side har fråfalle krav på til saman om lag 170 millionar kroner som er til handsaming i den same nemnda. Partane seier seg nøgd med det resultatet som no ligg føre, og saka blir trekt frå den særskilde nemnda.

-Eg er svært tilfreds med at vi no er blitt samde om ein avtale når det gjeld leseplikta for undervisning av førsteklassen/førskulen, seier statsråd Reidar Sandal i ein kommentar. -Ikkje minst vil dette ha ein positiv verknad i den vidare framdrifta av Reform 97. Det er no viktig at alle gode krefter blir sett inn på å få ein så god oppstart av reformen som råd, seier Sandal.

Pressekontakt: Avdelingsdirektør Eva Sibbern, tlf. 22 24 74 71, tlf. 22 14 45 25

Lagt inn 3 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen