Historisk arkiv

Læremiddelstoda i vidaregåande opplæring: Ikkje dispensasjon frå kravet om språklege parallellutgåver

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 080-97
11. september

Læremiddelstoda i vidaregåande opplæring:

Ikkje dispensasjon frå kravet om språklege parallellutgåver

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil ikkje gi dispensasjon til forlag som har søkt om berre å få gi ut programvarehefte for dataprogram på bokmål. Vedtaket gjeld skuleåret 1997/98. Det er likevel gitt førebels dispensasjon frå kravet om at læremidla skal kome ut samstundes. Parallellutgåvene av programvarehefta må liggje føre i løpet av oktober i år.

Dispensasjonen frå kravet om at læremidla skal liggje føre til same tid inneber og at forlaga for skuleåret 1997/98 får høve til å gi ut parallellutgåver i den forma som er mest tenleg, t.d. i elektronisk form. Målet er at den språklege parallellutgåva blir tilgjengeleg for dei elevane som ønskjer den, og i den forma elevane ønskjer.

Også for programvarehefta er det ein føresetnad for å få mellombels dispensasjon at elevar som ønskjer det, kostnadsfritt kan få byte frå bokmålsutgåva til nynorskutgåva.

Til bruk i vidaregåande opplæring er det gitt ut mellom 2500 og 3000 lærebøker og andre læremiddel der det er krav til språklege parallellutgåver. Pr. 10. september er det 43 lærebøker og 9 arbeidshefte/oppgåvesamlingar som etter søknad har fått mellombels dispensasjon frå kravet om at dei skal kome ut til same tid for eit avgrensa tidsrom. Normalt er dispensasjonen gitt for nokre få veker. Av desse titlane kjem også bokmålsutgåva av 14 lærebøker og 2 arbeidshefte for seint ut.

-Vedtaket er med på å sikre at elevane i vidaregåande opplæring får lærebøker og læremiddel i den målforma dei i følgje lova har rett til, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

Lagt inn 11 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen