Historisk arkiv

Lærlingsituasjonen - oversikt nasjonalt og fylkesvis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 073-97
25. august

Reform 94:

Lærlingsituasjonen - oversikt nasjonalt og fylkesvis

Pr. 11. august er det inngått individuelle avtalar om læreplass for om lag 9 000 av dei 17 300 elevane som søkte om læreplass i vår. På om lag same tid i fjor var det inngått 9 200 avtalar om læreplass. Framleis er det over 8 000 søkjarar som ikkje har inngått avtale om læreplass. Dette viser tal Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har henta inn frå fylkeskommunane.

Oversikten viser at det i elektrikarfaget er 660 søkjarar som står utan læreplass, i kokkfaget 500, i omsorgsfaget 520, og i barne- og ungdomsarbeidarfaget 600. Innanfor faget reparatør av lette køyrety manglar det 630 læreplassar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal seier i ein kommentar at han er svært uroa fordi så mange no står utan læreplass så seint på hausten også i år. - Bedriftene i privat og offentleg sektor må ikkje svikte dei unge utdanningssøkjande. Landet treng faglært arbeidskraft. Dei økonomiske vilkåra for å ta inn lærlingar er svært gode. Eg oppmodar arbeidsgivarane til å teikne lærekontraktar så snøgt som råd, seier Sandal.

Formidlinga av lærlingar blir avslutta 15. september.

linkdoc014005-070192#docVedlagt fylkesvis oversikt

Lagt inn 25 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen