Litt betring, men framleis problem innan nokre fagområde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Jagland
Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 19.06.1997 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 052-97
19. juni
Lærlingsituasjonen:
Litt betring, men framleis problem innan nokre fagområde
Pr. 12. juni er det i overkant av 17 200 reform-elevar som søkjer læreplassar i vidaregåande opplæring, viser ei oversikt Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har henta inn frå fylkeskommunane. Dette er ein auke på om lag 300 søkjarar i høve til 1.mai. Det er i samme tidsrom teikna i overkant av 800 nye intensjonsavtalar. Til saman er det no teikna 15 200 intensjonsavtaler. Pga manglande samsvar mellom ønskje og tilbod vil talet på inngåtte intensjonsavtalar kunne gi ca. 13 000 læreplassar.
Talmaterialet fokuserer på dei lærefaga der det var størst mangel på intensjonsavtalar pr 1.mai. Oversikten viser at det har vore små endringar i dette tidsrommet. Det manglar om lag 500 plassar i elektrikarfaget, ca 400 plassar i kokkfaget, ca 400 plassar i omsorgsfaget, 540 plassar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og i underkant av 500 plassar i bilfaget, lette køyrety. I desse fem faga er det teikna til saman 200 intensjonsavtalar sidan 1.mai.
-Utviklinga når det gjeld å skaffe læreplassar innan dei fagområda der det har vore størst problem kan vi ikkje seie oss nøgde med, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. Det er enno tid til å vise at arbeidslivet i privat, kommunal og statleg sektor greier å skaffe fram dei læreplassane vi treng for å gi ungdommen i landet ei god utdanning og sikre rekrutteringa til arbeidslivet, seier Sandal.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. 22 24 76 00
Lagt inn 20 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen