Historisk arkiv

Overlevering av utgreiing om privatskular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 029-97
24. april

Presseinvitasjon

Overlevering av utgreiing om privatskular

Tid: Måndag 28. april kl. 15.30

Stad: Statsrådens møterom, 5. etasje i Y-blokka, Akersgt. 44

Utvalet som har vurdert tilskotsordninga for privatskular leverer måndag innstillinga si til kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal.

Utvalet har vore leiar av av trygdedirektør, tidlegare rådmann i Oppegård kommune, Dagfinn Høybråten, og vart oppnemnt i april i fjor.

Utvalet skulle m.a. vurdere gjeldande tilskotsordning og måten denne vert praktisert på, om tilskota vert fordelt på skulane på ein måte som sikrar likebehandling, og korleis skulane følgjer opp lovpålegget om at alle offentlege driftstilskot skal kome elevane til gode. Vidare skulle utvalet kome med framlegg til rapporteringsordningar mellom skular og departementet/ Statens utdanningskontor når det gjeld kontroll og innsyn ved tildeling og bruk av statstilskot.

Vel møtt!

Beste helsing
Jon Aarekol
fung. informasjonssjef

Lagt inn 28 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen