Historisk arkiv

Prøveval i vidaregåande skular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 97025
11.04.97

Prøveval i vidaregåande skular

I samband med stortingsvalet 1997 vil det også denne gongen bli arrangert prøveval ved dei vidaregåande skulane. Opplegget vil i hovudtrekk følgje tidlegare skuleval. Det er inngått eit samarbeid mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste (NSD) og NRK Fjernsynet om eit sentralt opplegg med sikte på publisering av resultata på landsbasis.

-Ein del av oppgåva til skulane er å gi elevane innsikt i samfunnssystemet og å engasjere dei til å ta samfunnsansvar og ha ei aktiv holdning til mellom anna politiske spørsmål. Det er mogeleg og ønskjeleg å nytte tida før eit stortingsval til å arbeide m.a. med problemstillingar knytte til val- og styringssystem både i allmenne og yrkesretta fag. Departementet ser det som viktig at informasjon om praktiske og politiske sider ved stortingsvalet når fram, særleg til dei elevane som er førstegongsveljarar, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

KUF inviterer i desse dagar fylkeskommunane til å organisere prøvevala, og oppmodar dei vidaregåande skulane om å melde seg på til NSD innan 25. april. Sjølve skulevala finn stad

3. og 4. september, og resultata vert gjort offentleg om kvelden 4. september.

Ved førre skuleval ved kommune- og fylkestingsvalet i 1995 deltok 154 000 elevar frå 422 vidaregåande skular.

NSD vil også i år gjennomføre ei valundersøking mellom elevane i samband med skulevala. Intervju og dataregistrering skjer lokalt på kvar einskild skule og data vert så sendt inn til NSD for samordning. Skulane får tilbake læremateriell som er bygt på valundersøkinga til bruk i undervisninga. Valundersøkinga er utarbeidd i nært samarbeid med norske valforskarar og inneheld spørsmål om ungdommens forhold til politikk. I 1995 deltok 60 500 elevar frå 181 vidaregåande skular i NSD si valundersøking.

Internett vil aktivt bli nytta til å informere om skulevalet: http://www.nsd.uib.no/skole/

Kontaktperson ved NSD: Kristine Enger, tlf.: 55 58 25 83/55 58 21 17

Lagt inn 11 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen