Historisk arkiv

Reform 94: 92 prosent av søkjarane er tekne inn på førsteønsket sitt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 067-97
29. juli

Reform 94: 92 prosent av søkjarane er tekne inn på førsteønsket sitt

Til no har ca 143 000 av fylkeskommunanes eigne søkjarar fått tilbod om skuleplass. Førebels er om lag 9 prosent av søkjarane utan tilbod. Tala gjeld førsteinntaka til dei fylkeskommunale vidaregåande skulane. Dette går fram av statistisk materiale frå fylkeskommunane, innhenta i juli av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Oversikta viser berre søkjarar og inntekne til skuleplass.

Heile 96 prosent av søkjarane med rett til vidaregåande opplæring er inntekne på førsteinntaket. Av dei inntekne søkjarane med lovfesta rett til vidaregåande opplæring har om lag 92 prosent komme inn på førsteønske sitt. Det tilsvarande talet for dei som er utan lovfesta rett, er 82 prosent.

I underkant av 15 000 søkjarar til skuleplass står utan tilbod ved førsteinntaket. Om lag 4 900 av desse søkjarane har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Dette utgjer ca 3 prosent av det totale søkjartalet. Det inneber at det er færre søkjarar som står utan tilbod i år enn på same tidspunkt i fjor. Dei fleste utan tilbod er søkjarar til kurs innanfor studieretningane helse- og sosialfag, formgivingsfag, hotell og næringsmiddelfag. Alle desse kursa har ei overvekt av kvinner blant søkjarane. Særleg helse- og sosialfag er, som tidlegare, svært populært hos jentene.

Erfaringane viser at situasjonen endrar seg mykje i løpet av inntaksprosessen. Først ved skulestart vil ein kunne sjå det endelege resultatet av inntaket til dei vidaregåande skulane.

Ved skulestart i 1994 stod ca 18 000 søkjarar utan tilbod, mens det i 1995 var om lag 10 600. I 1996 var det ca 6 700 søkjarar utan tilbod ved skulestart, men pr 1. oktober same år var dette talet redusert til 3 100. Dei endelege tala for 1997 blir truleg enda lågare.

  • At 92 prosent har fått oppfylt førsteønsket sitt allereie no, er med på å sikre motivasjon og arbeidsinnsats hos dei unge, seier statssekretær Astrid Søgnen i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, i ein kommentar.
  • Sjølv om presset frå søkjarane framleis er størst innanfor studieretningane helse- og sosialfag, formgivingsfag, hotell og næringsmiddelfag, har eg det håp at det skal blir betre samsvar mellom inntak og tilgang på læreplassar, seier Søgnen.
  • At så mange utan lovfesta rett har fått tilbod, er ei gledeleg utvikling, og tala viser at Reform 94 også er ei reform for dei vaksne. Det er viktig at fylkeskommunane no utnyttar høvet til å gi alle vaksne eit tilbod om opplæring. På den måten kan fylkeskommunane sikre at minimumskravet til omfang av vidaregåande opplæring blir oppfylt, seier Søgnen.

Søkjarar og inntekne til skuleplass ved dei fylkeskommunale førsteinntaka

Gjeld søkjarar og inntekne frå eige fylke.

Skuleåret 1997-98

Fylkeskommune

Søkjarar med rett

Søkjarar utan rett

Søkjarar, totalt

Inntekne med rett

Inntekne utan rett

Inntekne, totalt

Østfold

6435

1367

7802

6386

738

7124

Akershus

14749

1522

16271

14326

950

15276

Oslo

6803

1313

8116

6334

788

7122

Hedmark

5915

1257

7172

5890

754

6644

Oppland

4987

1018

6005

4845

508

5353

Buskerud

7497

1275

8772

7348

883

8231

Vestfold

7015

1278

8293

6933

617

7550

Telemark

5476

1180

6656

4541

583

5124

Aust-Agder

3731

656

4387

3655

400

4055

Vest-Agder

5744

1059

6803

5110

662

5772

Rogaland

11313

1123

12436

10589

168

10757

Hordaland

14965

2563

17528

14526

1567

16093

Sogn og fjordane

3279

493

3772

3148

347

3495

Møre og Romsdal

9215

1715

10930

9207

1162

10369

Sør-Trøndelag

6924

1111

8035

6850

577

7427

Nord-Trøndelag

4767

1195

5962

4746

838

5584

Nordland

8556

1883

10439

8438

926

9364

Troms

5000

1001

6001

4807

658

5465

Finnmark

2032

610

2642

1854

432

2286

SUM

134403

23619

158022

129533

13558

143091

Lagt inn 29 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen