Historisk arkiv

Reform 97 i gang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 072-97
13. august

Reform 97 i gang

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal opna offisielt den nye grunnskulen, Reform 97, på Eidsvoll onsdag. 160 1.- og 2.- klassingar frå Råholt skole og Eidsvoll Verk skole var til stades i Eidsvollparken utafor Eidsvollbygningen då statsråden klipte over snora som markerte starten på Reform 97.

Til saman over 120 000 1.- og 2.- klassingar tar i løpet av dei to komande vekene til på det nye skuleløpet. Eidsvoll er ein av dei kommunane som startar først.

Statsråden sa m.a. då han opna Reform 97:

"Eg har stor tru på Reform 97. Den nye læreplanen legg til rette for ein god skule, ein skule for vekst og utvikling, for elevansvar, for at elevane skal få gjere, leike, skape, undersøkje, undrast og ta ansvar...

For meg er det viktig å vite at elevane har det trygt og godt på skulen, at dei får tru på seg sjølve og det dei sjølve kan greie å utrette!"

Fakta om Reform 97 ved skulestart:

  • Stortinget har løyvt meir enn 2,6 milliardar kroner årleg for å finansiere grunnskulereforma.
  • Pr. 13. august er det 10 mellombelse lokale som enno ikkje er godkjende.
  • Den nye skulen har eit nytt innhald, nye fag og nye arbeidsmåtar.
  • Reform 97 blir innført i løpet av tre år. I år startar 1., 2., 5. og 8. klasse med reforma.
  • I tillegg til læreplanverket for den 10 årige grunnskulen er det utarbeidd eit eige samisk læreplanverk og for første gong ein eigen læreplan for døve elevar.

-Dette er ein historisk dag, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. Med Reform 97 er ein ny stein på plass i utdanningsverket vårt. Hausten 1994 starta Reform 94 og høgskulereforma. Eg ser fram til å starte arbeidet med den neste store reforma for etter- og vidareutdanning. No er det dei vaksne sin tur, seier Sandal.

Lagt inn 14 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen