Historisk arkiv

Samlokalisering av Høgskolen i Akershus på Lillestrøm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 089-97
9. oktober

Samlokalisering av Høgskolen i Akershus på Lillestrøm

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet bestemte torsdag at Høgskolen i Akershus skal samlokaliserast på Lillestrøm.

-Eit nytt bygg for ein samlokalisert høgskule vil kunne gi høgskulen eit viktig fagleg og pedagogisk lyft og betre vokstervilkår enn med noverande spreidde lokalisering. I tillegg vil det kunne gi høgskulen ein betre og lettare administrativ kvardag til glede for alle som arbeider der, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

Det skal arbeidast vidare med spørsmål knytte til kor stort bygget skal vere, val av stad i Lillestrøm og framdrifta i prosjektet.

Høgskolen i Akershus er med sine 2000 studieplassar i dag i hovudsak lokalisert på fem stader; Blaker (forming), Lørenskog (sjukepleiarutd.) Sandvika (vernepleie), Stabekk (ernæring, helse og miljø) og Bygdøy (yrkespedagogikk).

Lagt inn 9 oktober 1997av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen