Historisk arkiv

Semje om nordisk avtale om høgre utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 057-97
27. juni

Semje om nordisk avtale om høgre utdanning

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal og den danske undervisningsministeren Ole Vig Jensen vart fredag samde om at den nordiske avtalen om tilgjenge til høgre utdanning skal stå ved lag.

Det er semje om å forhandle på nytt om rammene for avtalen som skal gjelde frå 1998 og som skal sikre ein akseptabel balanse i opptaket til høgre utdanning. Dette vil særleg gjelde helseutdanninga. Fristen for å forhandle fram ein ny avtale er sett til 15. november. Danmark vil på dette grunnlaget ikkje seie opp avtalen.

Danmark har vidare beslutta at det for opptaket som gjeld studieåret 1997/98 skal setjast eit tak for søkjarar frå Noreg når det gjeld medisin (61 studieplassar), tannlækjarstudiet (7 studieplassar) og dyrlækjarstudiet (5 studieplassar).

I fjor vart det tatt opp 13 norske studentar til medisinstudiet i Danmark.

Lagt inn 30 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen