Historisk arkiv

Søkinga til høgre utdanning går ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 35/97
7. mai 1997

Søkinga til høgre utdanning går ned

Søkjartalet til høgre utdanning vil i år liggje rundt 90 500, viser førebelse tal frå Samordna opptak. Dette er ein nedgang på om lag 7 prosent i høve til same tidspunkt i fjor.

Det samordna opptaket omfattar søkjarar til universiteta, dei fleste vitskaplige høgskulane og statlege høgskular. Også nokre private høgskular er med. Talet vil auke utover sommaren etter kvart som høgskular med eigne opptak sender sine tal til Samordna opptak.

I år har 14 175 19-åringar søkt opptak til høgre utdanning, ein nedgang på 3 241 i høve til i fjor. Nedgangen er større enn den generelle nedgangen i årskullet, som er på 2 270.

Eit anna trekk er ei vriding i søkjarmassen frå unviersiteta og dei vitskaplige høgskulane mot dei statlege høgskulane medrekna private. Historisk-filosofiske fag, ingeniørstudium, journaliststudium og realfag har ein markert auke i talet på primærsøkjarar, medan jus, lærarutdanning, samfunnsvitskaplige fag, sosionom- og sjukepleiarutdanning har ein markert nedgang.

Det er for tidleg å seie noko om kor mange av søkjarane som er kvalifiserte for opptak. I fjor kom det endelege søkjartalet opp i 101 288. Av desse var 82 294 kvalifiserte for minst eitt studium. 69 861 søkjarar fekk eit studietilbod, medan 8 494 ikkje fekk noko tilbod.

Pressekontakt: Ekspedisjonssjef Jan S. Levy, tlf. 22 24 77 00

Nærare opplysningar om søkjartal blir gitt ved den einskilde institusjon eller Samordna opptak, tlf. 22 85 88 00, faks 22 85 88 01, e-post postmottak@so.uio.no.

Lagt inn 9 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen