Historisk arkiv

Statstilskot til Nordland Kunst- og filmskole i Kabelvåg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 023-97
21. mars 1997

Statstilskot til Nordland Kunst- og filmskole i Kabelvåg

Regjeringa sikrar at Nordland Kunst- og filmskole i Kabelvåg kan starte verksemda igjen hausten 1997. Det er ein føresetnad at skulen startar opp med ein klasse med inntil 24 elevar på første årstrinn. Skulen er 2-årig. Det blir ytt statstilskot etter dei satsane som gjeld for godkjende private kunstskular.

Nordland Kunst- og filmskole har fungert som ein forskule for dei som vil vidare på akademi og høgskule, men fall utafor strukturen for vidaregåande opplæring etter Reform 94. Til og med skuleåret 1995-96 vart skulen driven av Nordland fylkeskommune ved kulturetaten. Denne typen fylkeskommunale skular blir ikkje dekka av dei ordinære tilskotsordningane over KUF sitt budsjett. Tilsvarande skular elles er privatskular som er godkjent med rett til tilskot etter privatskulelova.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal er nøgd med at det no er funne ei løysing for skulen.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. 22 24 76 00

Lagt inn 21 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen