Historisk arkiv

Tiltak for å skaffe fleire læreplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 018-97
28. februar

Tiltak for å skaffe fleire læreplassar

  • Ekstra tilskot til lærlingordninga (250 mill kr.)
  • Justeringar av strukturen
    • Ei opning av nokre "kryssløp"
    • Nokre reine skuleløp i staden for opplæring i bedrift
  • Meir effektiv formidling av lærlingar til bedrifter og mellom fylkeskommunane
  • Betre informasjon til bedriftene om Reform 94 og lærlingordninga
  • Betre informasjon til ungdommen om utdannings- og yrkesval

Dette er tiltak Regjeringa presenterer for å sikre fleire læreplassar allereie inneverende år.

Det går fram av linkdoc014005-040007#docSt meld nr 22 (1996-97) Om lærlingsituasjonen som passerte Statsråd fredag.

Målet er at ein tredel av eit årskull skal få fagutdanning. Gjennom Reform 94 er fagopplæringa blitt ein integrert del av vidaregåande opplæring. Opplæringa krev at dei to første åra er i skule med påfølgjande to års læretid i bedrift. Dette krev eit nært samspel mellom styresmaktene og arbeidslivet. Arbeidslivet har teke på seg ansvaret for å skaffe nok læreplassar for å få dette til. Inntak til læreplass etter Reform 94 det første året viste at det totalt ikkje blei skaffa nok læreplassar.

Regjeringa skisserer også moglege løysingar framover:

  • Oppretting av eit fond som skal dekkje bedriftene sine lønsutgifter til lærlingar
  • Oppmode hovudorganisasjonane om å tariffeste å ta inn lærlingar
  • Vurdere tilbodsstrukturen i reforma på grunnlag av evalueringa av Reform 94
  • Vurdere ein lovheimel som pålegg bedriftene å ta inn lærlingar

-Eg har stor tru på at tiltaka som blir omtalte i stortingsmeldinga, vil gi god effekt allereie dette året, seier statsråd Reidar Sandal i ein kommentar, -men hovudmodellen for fagopplæringa krev at bedriftene skaffar nok læreplassar. Ungdommen er på den eine sida gitt ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring, medan styresmaktene berre i avgrensa grad kan styre tilgangen på læreplassar. Vi er avhengige av at arbeidslivet stiller opp og held løfta sine.

-Det er viktig at ein skil mellom kva som er overgangsproblem og kva som er problem av meir permanent karakter, seier Sandal vidare. -Ein del av dei langsiktige tiltaka vil det derfor vere naturleg å ta opp til konkret vurdering i ei stortingsmelding etter at den forskingsbaserte evalueringa av Reform 94 er fullført, seier Sandal.

Pressekontakt: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. a. 22 24 76 00, p 31 28 25 21

Stortingsmelding nr. 22 (1996-97) finst på ODIN med denne adessa:

linkdoc014005-040007#dochttp://odin.dep.no/repub/96-97/stmld/22/

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen