Historisk arkiv

Undersøking av 9-åringars kunnskapar i matematikk og naturfag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 046-97
10. juni

3. internasjonale studien i matematikk og naturfag:

Undersøking av 9-åringars kunnskapar i matematikk og naturfag

I dag vert nye resultat frå den tredje internasjonale studien innan matematikk og naturfag gjort offentleg. Undersøkinga gir ein oversikt over korleis norske elevar i 2. og 3. klasse gjer det i desse faga, og gir også grunnlag for å sjå nærare på utviklinga fram til 6. og 7. klasse.

Undersøkinga er ei av fleire som Noreg deltek i for å kunne vite meir om kunnskapar i og haldning til naturfag og matematikk hos norske elevar i eit internasjonalt perspektiv.

Third International Mathematics and Science Study (TIMSS) er ein internasjonal studie om matematikk og naturfag der nesten 50 land over heile verda tek del. Studien blei gjennomført våren 1995. I Noreg deltok rundt 15 000 elevar i 3 ulike grupper; 2. og 3. klasse, 6. og 7. klasse og elevar i tredje året på vidaregåande skule. Resultata for dei 13-årige elevane i undersøkinga blei presentert i november 1996.

Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling (ILS) ved Universitetet i Oslo har på vegne av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet leia TIMSS-prosjektet i Noreg.

Undersøkinga som i dag blir lagt fram omfattar her i landet elevar som har gått 2 og 3 år på skule, medan elevane i dei andre landa har gått minst 3 og 4 år på skulen på grunn av tidlegare skulestart. Det vil seie at norske elevar i 2. klasse har mindre lesetrening enn elevane dei blir samanlikna med i andre land.

Nokre hovudresultat frå underøskinga

  • Norske elevar i 2. klasse gjer det dårlegare enn det internasjonale gjennomsnittet i matematikk og naturfag. Framgangen i 3. klasse ligg likevel godt over gjennomsnittet. I naturfag ligg dei norske elevane i 3. klasse over gjennomsnittet, medan dei i matematikk framleis ligg under.
  • Gutane skårar i det heile noko betre enn jentene, men skilnadene er små og minskar frå 2. til 3. klasse. Når det gjeld haldningar til naturfag og matematikk, er det svært små skilnader mellom kjønna.
  • Norske elevar gjer det etter måten betre på oppgåver som går ut på val mellom fleire alternativ enn på opne oppgåver.

· Framgangen frå 3. klasse til 6. klasse både innan matematikk og naturfag er lågare enn det ein kunne vente.

· Jenter er meir negative enn gutane til naturfag og matematikk frå 3. klasse til 6. og 7. klasse.

Resultata vil bli følgt opp

- Vi har merka oss resultata av denne undersøkinga, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. Vi er særleg opptatt av at det synest å vere så liten framgang frå 3. til 6. klasse. Når ein deltek i internasjonale undersøkingar av dette slaget, vil det alltid kunne reisast tvil om kva ein målar. For norske elevar i 2. klasse kan det synast som om det er det vel så mykje måling av lesedugleik som matematisk/naturfagleg kompetanse. Likevel er slike undersøkingar verdfulle fordi dei gir oss betre grunnlag for reformarbeidet.

Resultata frå TIMMS må og sjåast i samanheng med innstillinga frå utvalet som har vurdert kva kort- og langsiktige tiltak som bør setjast inn for å styrkje matematikk, naturvitskap og teknologi i utdanninga.

  • Den negative utviklinga i jentene sine haldningar til matematikk og naturfag allereie i grunnskulen gir grunn til uro. Haldningar til desse faga er viktige for seinare utdannings- og yrkesval, og vi ser særleg mellom jentene ei sviktande rekruttering til matematikk, naturvitskap og teknologi. Dette må følgjast opp på alle nivå i utdanningssystemet.
  • Dei seinare åra er det sett i verk fleire tiltak på dette området, seier Sandal. - I den nye læreplanen i Reform 97 er timetalet i matematikk styrkt noko, og natur- og miljøfag har blitt eit eige fag i heile grunnskulen. Desse faga er begge prioriterte i høve til kompetanseutviklinga for lærarar. Vidare er det foreslått å utvide matematikk i lærarutdanninga til 10 vektal, og med eit styrt val mot matematikk eller naturfag i det siste året.
  • Diagnostiske prøver er utvikla som vil gi kvar einskild lærar eit betre verkty for å følgje opp einskildelevar. Arbeidet med utvikling av materiell for begynnaropplæringa blir særleg viktig i denne samanhengen.
  • Noreg vil framleis følgje utviklinga på desse fagområda, m.a. gjennom deltaking i eit omfattande OECD-prosjekt om læringutbytte hjå elevane i t.d. naturfag og matematikk. Vi vil også følgje utviklinga gjennom nasjonale utvalsundersøkingar og evalueringa av Reform 97, seier statsråd Sandal.

Resultata blir presentert på eiga heimeside frå tirsdag 10. juni kl 16.15:

Adresse: http://www.ils.uio.no/timss

Kontaktpersonar:

KUF: Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. 22 24 75 00
Universitetet i Oslo: Professor Svein Lie 22 85 41 51

Lagt inn 12 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen