Historisk arkiv

Vitnemål frå vidaregåande skole skal framleis omsetjast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 068-97
31. juli

Vitnemål frå vidaregåande skole skal framleis omsetjast

Dei vidaregåande skolane skal framleis skrive ut vitnemål på framandspråk. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har tidligare bestemt at det berre skulle skrivast ut eitt originalvitnemål - for å m.a. hindre forfalsking av vitnemål. Rettleiingar på engelsk, tysk, fransk og spansk skulle leggjast ved vitnemåla til dei studentane som søkte studieplass i utlandet. Departementet har no bestemt at dei utdanningssøkjande likevel skal få vitnemål omsett til aktuelle framandspråk.

Departementet er blitt kjent med at nokre universitet i Tyskland berre aksepterer vitnemål som er omsette til tysk. Departementet ser ikkje bort frå at fleire lærestader - også i andre land - kan reagere på same måte, og har derfor bestemt at dei vidaregåande skolane framleis får høve til å skrive ut vitnemål på dei framandspråka som er særleg aktuelle for norske utanlandsstudentar.

Frist for å søkje studieplass i utlandet er for svært mange høgre lærestader november - desember. Ordninga med å skrive ut omsette vitnemål vil vere på plass i god tid før dette tidspunktet, og dei studentane som har behov for det, vil kunne få omsette vitnemål frå sine vidaregåande skolar. Desse vitnemåla vil berre vere gyldige dersom det ligg ved godkjent kopi av originalvitnemålet. Departementet meiner at ein gjennom denne nyordninga både kan gjere situasjonen enklare for studentane, samstundes som ein minskar risikoen for forfalsking. Alt i alt vil vi få ei betre og sikrare ordning enn tilfellet har vore tidligare.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet samarbeider i denne saka nært med ANSA, Samskipnaden for norske studentar i utlandet.

Lagt inn 1 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen