Historisk arkiv

Arealbehov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Arealbehov

Representanten Erling Folkvord (RV) stilte dette spørsmålet i Stortingets spørretime 27. november:

"Statsråden har sagt han legg til grunn at kommunane skaffar "tenelege lokalitetar" til skolestart for 6-åringane. Skolesjefen i Oslo opplyser at skolane generelt må rekne med å "motta flere klasser enn det er klasserom til". Likevel vart 22 av grunnskolane plassert i kategorien "vil ikke kunne ta imot forventet elev- og klassetall innenfor eksisterende skoleanlegg" sjøl om alle tilgjengelege rom blir omdefinert og brukt som klasserom. Kva vil statsråden gjere med denne situasjonen?

Statsråd Sandal svarte:

Både i spørjetimen 24. januar og 21. februar i år blei det spurt om førebuinga av grunnskulereforma i Oslo kommune.

Etter grunnskulelova § 10 har kommunane ansvar for å "syte for tenelege skolar". Eg sa i svara mine at eg ikkje sit inne med informasjon som dokumenterer at 6-åringane i Oslo vil møte pedagogisk uforsvarlege forhold hausten 1997. Eg peikte også på at eg føreset at alle kommunar følgjer det vedtaket som er gjort om innføring av ti-årig grunnskule frå hausten 1997, og at dei tek konsekvensen av dette ved å planleggje og gjennomføre nødvendig kapasitetsutviding i 1996 og 1997.

Dei vedtaka Stortinget gjorde i samband med St.prp.nr.39 (1995-96) Om investeringskostnadene ved grunnskolereformen og St.prp.nr.55 (1995-96) Om kommuneøkonomien 1997 m.v., er følgde opp i statsbudsjettet for 1997. Det er lagt til grunn ein differensiert kvadratmeterpris, og kommunar i pressområde, blant desse Oslo, har fått auka sin kvadratmeterpris ytterlegare. Arealnorma er utvida for klassar med 22 eller fleire elevar. Den økonomiske kompensasjonen til den einskilde kommune til drift og investeringar er kommunane gjort kjent med i eit eige brev.

Kompensasjonen frå staten til kommunane for dei sentrale elementa i reforma er med dette i hovudsak lagt fram. Kommunane har ansvaret for å følgje opp dei vedtaka som Stortinget har fatta. Dei har også ansvaret for at skulelokala er tenlege. Departementet vil sjå til at kommunane sørgjer for dette. Eg viser i denne samanheng til omtala i statsbudsjettet for 1997 der det heiter at "Departementet vil gjennom statens utdanningskontorer følge opp framdriften i kommunenes tilrettelegging av nye skolelokaler til seksåringene."

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen