Historisk arkiv

Arealbehov ved innføringa av Reform 97

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Arealbehov ved innføringa av Reform 97

Representanten Erling Folkvord (RV) stilte følgjande spørsmål i spørjetimen 4. desember:

" 27. november sa statsråden han " vil sjå til at kommunane sørger for at skulelokala er tenlege". I statusrapporten for Reform 97 og i skolebehovsplanene har Oslo sett bort fra at spesialundervisning og tilrettelagt undervisning for språklige minoriteter trenger klasserom. Dette er ca 40 klasser for grupper som i særlig grad trenger ro og faste rammer rundt undervisninga.

Mener statsråden at " skulelokala er tenlege" når disse klassene ikke får eget klasserom med tilfredsstillende arbeidsforhold?"

Statsråd Reidar Sandal svarte:

Representanten Erling Folkvord viser til at det i skulebehovsplanane for Oslo ikkje er rekna med behov for klasserom til spesialundervisning og tilrettelagt opplæring for elevar frå språklege minoritetar.

Staten har no lagt til rette for at kommunane skal kunne setje i verk grunnskulereforma i samsvar med intensjonane. Dei nødvendige lovendringar er vedtatt, og dei vedtaka Stortinget gjorde i samband med St.prp.nr.39 for 1995-96 Om investeringskostnadene ved grunnskolereformen og St.prp.nr.55 for 1995-96 Om kommuneøkonomien 1997 m.v., er følgde opp i statsbudsjettet for 1997.

Kommunane har ansvaret for å følgje opp dei vedtaka som Stortinget har fatta i samband med innføring av tiårig grunnskule frå hausten 1997. Eg føreset at kommunane planlegg for og gjennomfører nødvendig kapasitetsutviding i 1996 og 1997. Departementet vil sjå til at kommunane syter for dette. Eg viser i den samanhengen til omtala i statsbudsjettet for 1997 der det heiter: " Departementet vil gjennom statens utdanningskontorer følge opp framdriften i tilretteleggingen av skolelokaler til seksåringene i kommunene."

I statsbudsjettet for 1997 heiter det også: " Departementet vil (...) gjennom statens utdanningskontorer intensivere kontrollen med grunnskolelovens § 10, som pålegger kommunene " å syte for tenlege skolar" . På denne måten vil departementet sikre at skolearealenes størrelse og standard er tilfredsstillende" .

Eg sit ikkje inne med informasjon som dokumenterer at elevane i Oslo-skulen vil møte uforsvarlege forhold hausten 1997. Eg vil likevel streke under at Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus vil følgje gjennomføringa av reforma i Oslo nøye."

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen