Reform 94 - Retningslinjer for utplassering i bedrift
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Jagland
Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 20.12.1996
Reform 94:
Retningslinjer for utplassering i bedrift
Representanten Øystein Djupedal (SV) stilte følgjande spørsmål i spørjetimen 27. november:
En stor del av elevene som går VkII i skolen, blir utplassert i bedrifter i lengre perioder av skoleåret. Det følger ingen forpliktelser for bedriftene, og dette kan derfor gå til fortrengsel for ordinært lærlinginntak. Det er grunn til å tro at retningslinjene som departementet trekker opp i eget rundskriv ikke er tilstrekkelige.
Vil statsråden ta initiativ for å skjerpe inn retningslinjene, og hvordan følger departementet opp at det ikke foregår misbruk av ordningen?
Her er statsrådens svar:
Hovudmodellen for fagopplæringa med to år i skule og to år som lærling i bedrift står fast.
Fylkeskommunane og partane i arbeidslivet har arbeidd aktivt for å skaffe lærlingplassar, utan å komme heilt i mål. Eg vil likevel peike på at det i 1996 er teikna til saman ca 16.500 lærekontraktar mot 10.000 i 1995 - altså ein formidabel auke. Men for at all ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal få avslutta fagopplæringa si slik retten fastset, må sluttopplæringa fram mot yrkeskompetanse tilretteleggjast som VK II i skule om det ikkje er mogleg for fylkeskommunen å skaffe nok lærlingplassar i bedrift. Dei siste tala tyder på at ca 3.000 elevar får slik alternativ opplæring og at 9 fag utgjer 2/3 av desse elevplassane.
Fylkeskommunen har ansvar for å gi eit så godt tilbod som mogleg for desse elevane. For å få til dette kan skulen samarbeide med bedrifter om delar av opplæringa, mellom anna ved utplassering. Men skulen har heile tida det faglege ansvaret og ansvaret for å følgje opp elevane. Den kan ikkje overlate dette til bedriftene.
Eg er einig med representanten Djupedal i at desse tilboda ikkje må komme til fortrengsel for ordinære lærlingplassar i bedrift, og departementet har derfor understreka dette i brev av 4. oktober d.å. til partane i arbeidslivet, fylkeskommunane og Statens utdanningskontor. Det blir her gitt retningslinjer for utplassering i bedrift i dei alternative VK II-klassane.
Departementet har følgt utviklinga nøye, og har henta inn opplysningar frå fylkeskommunane m.a. om omfanget av bruk av utplassering i VK II i yrkesfaga. Bruken av utplassering i bedrift synest ikkje å vere så omfattande som ein kan få inntrykk av frå pressa, men noko meir omfattande enn ein hadde trudd på førehand. Når det gjeld utplassering i bedrift i over 50 % av opplæringstida, omfattar det først og fremst omsorgsarbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Men også her varierer situasjonen frå fylke til fylke, og det går føre seg eit løpande arbeid i fylka for å finne fram til ordningar i samsvar med retningslinjene.
Departementet vil på denne bakgrunnen i nytt skriv til fylkeskommunane presisere føresetnadene for ordninga med alternativ opplæring i VK II for å unngå misbruk av ordninga.
Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen