Historisk arkiv

Reform 97 - Fordelinga av timetal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Reform 97:

Fordelinga av timetal

Representanten Jørgen Holte (Sp) stilte dette spørmålet i spørjetimen 27. november:

"I læreplanverket for den 10-årige grunnskulen vert det vist til eit eige rundskriv frå departementet når det gjeld fordelinga av timetal på kvart årstrinn. Vi er kjende med at kommunar ikkje har mottatt dette rundskrivet enno.

Vil statsråden setje fortgang i denne saken slik at kommunane får komme videre i planleggingsarbeidet?"

Statsråd Sandal svarte:

Fag- og timefordelinga for hovudtrinna i den 10-årige grunnskulen er lagt inn i det trykte læreplanverket som er sendt kommunar, skular og andre aktuelle instansar. Når det gjeld timetalet på kvart årssteg, viser planen til eige rundskriv frå departementet. Dette rundskrivet er under utsending til kommunane.

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen