Historisk arkiv

Utdanning til flygaryrket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Utdanning til flygaryrket

Representanten Inga Kvalbukt (Sp) stilte dette spørsmålet i spørretimen 27. november:

Prognoser viser at vi om få år vil kunne ha mangel på flygere. Hvordan vil statsråden sikre nødvendig utdanning til flygeryrket?

Statsråd Sandal svarte:

Representanten Inga Kvalbukt legg til grunn progonsar som viser at vi om få år vil kunne få mangel på flygarar. Frå Samferdselsdepartementet har eg fått opplyst at dei ikkje kjenner til kva for prognosar det her vert referert til. Så langt Samferdselsdepartementet er kjent med, ligg det ikkje føre offisielle prognosar på dette feltet. Eg er merksam på at Norges Flygerforbund har utarbeidd eigne prognosar.

Stortinget vedtok våren 1991 å leggje ned Statens Trafikkflygerskole. Det statlege ansvaret for utdanning av flygarar gjeld i dag berre den militære sektoren. I privat regi finst det derimot skular som med godkjenning frå Luftfartsverket driv utdanning til sivil flyging.

I St.prp. nr. 29 (1993-94) blei det gjort framlegg om å opprette eit mindre kompetansesenter i regi av Luftfartsverket. Samferdselskomiteen slutta seg til framlegget. Komiteen la til grunn

" ... at det må arbeides videre med spørsmålet om å etable kompetansesenteret som ei bedrift på høgre nivå og tilknytning til høgskolesystemet i denne forbindelse", jfr. Innst. S nr. 120 (1993-94). Det blei følgt opp under behandlinga i Stortinget i mai 1994.

Som ledd i oppfølginga av stortingsbehandlinga sette Samferdselsdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ned ei arbeidsgruppe som i hovudsak skulle søkje å avklare kva for oppgåver innafor luftfartsutdanninga som kan og bør drivast på høgskulenivå og eventuelt knytast til høgskulesystemet. Det vart samtidig etablert ei styringsgruppe med representantar frå SD og KUF.

Arbeidsgruppa ser no nærare på dei områda som bør utgreiast.

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen