Historisk arkiv

"Får vi lovfesta rett til livslang læring?"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

STATSRÅD REIDAR SANDAL

"Får vi lovfesta rett til livslang læring?"

Landskonferansen 97, "Frå læring til næring"

Lillehammer 17. februar 1997

1. Innleiing

Eg takkar for invitasjonen til konferansen og for at eg får høve til å møte så mange engasjerte menneske frå bedrifter, utdanningsinstitusjonar og frå eit mangfald av organisasjonar. Og eg vil gjerne gi honnør til RessursSenterNettverk som legg til rette desse møteplassane kvart år. Vi treng slike møter - dei er viktige for den jobben vi skal gjere saman med å leggje til rette for livslang læring.

Det er gjort store og viktige reformer i norsk utdanning i 90-åra. Desse reformene omfattar heile utdanningssystemet frå barnehage til høgre utdanning. Innhaldet, strukturen og arbeidsformene er slik innretta at alle barn og unge no får ei utdanning som er i samsvar med behov i framtida.

Gjennom desse reformene har vi lagt eit godt og nødvendig grunnlag for livslang læring, også for dei vaksne. Sentrale spørsmål for vaksenopplæringa er no til utgreiing i eit eige utval. Lovfesting av rett til permisjon for opplæring er eitt av spørsmåla som dette utvalet greier ut. Vi ser at mange vaksne ikkje har ei fullført grunnutdanning, og at behova for etter- og vidareutdanning er store. Regjeringa ønskjer og vil leggje til rette for livslang læring med eit breitt spekter av tiltak. Det er dette arbeidet vi no er i gang med.

Korfor er det no meir nødvendig enn nokon gong før å leggje til rette for livslang læring for alle?

Endringane i samfunnet og arbeidslivet skjer i eit stadig raskare tempo. Ikkje minst heng dette saman med teknologiske nyvinningar. Kvar og ein av oss møter desse utfordringane i arbeid og fritid. Krava til å utvikle kompetanse og dugleik blir større, og det er ikkje avgrensa til bestemte periodar i livet.

70 prosent av nasjonalformuen vår er den kunnskapen og dei ressursane som menneska har, seier Statistisk sentralbyrå. Vi får ein stadig meir kunnskapsbasert økonomi. Investeringar i menneske blir derfor viktigare og meir lønsamt også i eit samfunns-økonomisk perspektiv.

Det enkelte mennesket sitt behov for å ha kunnskap til å ta del i samfunnsutviklinga blir stadig meir sentralt. Fordeling og likestilling er berande element i tenkinga rundt livslang læring. Vi må derfor gi alle høve til å utvikle evnene sine til beste for fellesskapen.

Det er erkjent at kunnskap er nøkkelen til demokratisk innverknad og til å vere med på å bestemme. Omsynet til demokrati og deltaking i samfunnsutviklinga blir derfor den tredje hovudgrunnen for å leggje til rette for livslang læring.

Regjeringa har presentert sin modell for samfunnsutviklinga, framstilt som Det norske hus. Grunnmuren og fundamentet er ei berekraftig og økologisk forsvarleg økonomisk utvikling. Huset blir bore av fire søyler:

  • nærings- og arbeidslivssøyla
  • velferdssøyla
  • utdannings-, forskings- og kultursøyla
  • utanriks- og tryggleikssøyla.

Eg vil nytte dette høvet til å trekkje opp nokre linjer i Regjeringa sin politikk, med vekt på utdannings-, forskings- og kulturpolitikken.

2. Komptansebehov

Kultur, forsking og utdanning er ei berande søyle i Det norske hus. Samstundes skal kompetanse sikre grunnmuren - verdiskapinga i eit økologisk berekraftig samfunn. Det er menneska i dette samfunnet som skaffar fram dei materielle og kulturelle verdiane, og det er menneska som skal ta vare på miljøet og naturen.

Kyrkja, kulturlivet, utdanningssektoren og forskinga har det til felles at dei skal for-midle vidare og foredle visdom og kunnskap frå tidlegare generasjonar, på same tid som dei skal stille spørsmål ved nedarva fordommar og undertrykkjande holdningar. Søyla skal vere med på å halde oppe grunnleggjande verdiar som likeverd, fridom, solidaritet og medverke til kritisk nytenking og kreativ nyskaping.

Alle menneske er unike og likeverdige. Ulike meiningar, livssyn og kulturar må møtast med toleranse og gjensidig respekt. Kvar enkelt skal derfor, ut frå sine føre-setnader, ha høve til å utvikle evnene og interessene sine. I denne samanhengen vil Noreg som eit fleirkulturelt samfunn møte spesielle utfordringar.

Men med fridom følgjer ansvar: ansvar for medmenneske, samfunn og miljø. Eit sentralt element i den søyla vi no diskuterer, er derfor lik rett til utdanning.

Reform 94, Reform 97, høgskulereforma og Noregsnettet og den varsla reforma innanfor etter- og vidareutdanning er alle ledd i det pågåande arbeidet for å gi alle rett til kvalitet i opplæringa, rett til å bestemme, rett til innverknad og arbeid. Regjeringa vil byggje vidare på desse reformene og leggje betre til rette for opplæring og kompetanseut-vikling for den vaksne befolkninga. Denne satsinga er ein viktig del av grunnlaget for samråderetten i samfunnet.

Vi er allereie inne i det kunnskapsbaserte samfunnet; det vil seie eit samfunn der kunnskapar og dugleik er avgjerande for utviklinga innanfor økonomi, velferd og demokrati. Bedrifter og institusjonar gjer stadig meir bruk av metode og produkt med eit høgt kunnskapsinnhald, noko som fører med seg auka krav til utviklinga i utdan-ningssystemet. Den som manglar den rette utdanninga eller arbeidserfaringa, risikerer så altfor ofte å bli sett utanfor arbeidsmarknaden. På same vis ser vi at dei bedriftene og institusjonane som ikkje klarer å følgje med i kunnskaps- og teknologiutviklinga, gjerne mislykkast. Regjeringa vil derfor ikkje berre gi den enkelte arbeidstakar auka sjansar for meir utdanning, men òg medverke til at samfunnet totalt sett får større evne til å utnytte den kunnskapsmessige og teknologiske utviklinga.

Regjeringa vil fremme forsking og utviklingsarbeid for å styrkje kunnskapen, og auke verdiskapinga og sysselsettjinga i samfunnet. Vi treng sterkare og meir langsiktig satsing på forsking om Noreg skal stå i første rekkje som kunnskaps- og velferdsnasjon.

Eg vil nemne at KUF har gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å vere operatøransvarleg for eit nytt program for samfunnsretta utdanningsforsking for perioden 1996-2001. Programmet er kalla "Kompetanse, utdanning og verdiskaping" og har som overordna mål å få fram kunnskap som kan vere med på å klargjere forholdet mellom skule, opplæring og verdiskaping i arbeidslivet. Forskinga skal dekkje alle nivå; grunnutdanning, vidaregåande opplæring, høgre utdanning og etter- og vidareutdanning. Det er oppnemnt eit programstyre som no har levert eit notat for arbeidet. Forskingsprogrammet skal ha fire prioriterte område:

  • organisering, styring og samordning
  • etterspørsel: Innhald, kvalitet og vurdering
  • kompetanse og verdiskaping i arbeidslivet
  • teknologi og læring

I programnotatet er det fremma ei rekkje delmål for å byggje opp norsk utdannings-forsking slik at den utviklar slagkraft til å møte nye utfordringar.

3. Strategiar for livslang læring

Vi i Noreg er ikkje aleine om å vere opptatt av livslang læring. Som de veit, var 1996 utpeikt av EU som det europeiske året for livslang læring.

Utdanningsministrane i OECD-landa er einige om ein strategi for livslang læring:

  1. Styrkje grunnutdanninga som basis for livslang læring.
  2. Lette overgangen mellom utdanning og arbeid.
  3. Tenkje nytt om roller og ansvar hos partane - inkludert styresmaktene.
  4. Leggje til rette slik at så vel den enkelte som arbeidsgivarane og tilbydarane vil investere meir i livslang læring, også slik at utbyttet blir høgre.

Denne strategien er viktig når Regjeringa no arbeider for å utvikle ein nasjonal kompetansepolitikk.

1. Ei solid grunnutdanning er den beste basisen for læring gjennom heile livet. Derfor har Regjeringa satsa sterkt på utdanning for barn og ungdom. Frå kommande haust får vi ein heilt ny grunnskule med obligatorisk skulestart for 6-åringar og 10-årig skuleplikt. Både pedagogikken og det faglege innhaldet blir fornya med det formål å vekkje interessa og auke læreevna.

Gjennom Reform 94 har vi sikra alle som går ut av grunnskulen rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Vi har oppnådd at fleire velg yrkesfag - noko som er heilt nødvendig for å sikre kompetente fagfolk. Den store utfordringa har vore å skaffe nok lærlingplassar. Det blei i fjor inngått fleire lærlingkontraktar enn nokon gong tidlegare, men likevel ikkje mange nok til at vi er nøgde.

Pedagogisk og organisatorisk er reforma i vidaregåande opplæring slik at den òg skal vere ei vaksenopplæringsreform. Sjølv om 13 fylke ligg under omfangskravet, er eg glad for at prosentdelen er stigande. Kravet til minimum 375 prosent gjeld først for fullt i alle fylkeskommunar når reforma er på plass for det første ungdomskullet hausten 1997. Statens utdanningskontor er bedne om å sjå på fylkeskommunane sine budsjettvedtak for 1997 for å få ei oversikt over korleis opplæringstilbodet blir planlagt for skuleåret 1997/98. Når resultatet ligg føre, vil eg vurdere kva tiltak som er nødvendige for at omfanget blir i samsvar med forskrifta.

Læreplanane er bygde opp av delar som kan gjennomførast kvar for seg og leggjast saman til fullverdig kompetanse. Det er lagt opp til komprimerte løp som gir vaksne høve til å ta utdanninga på kortare tid. I alle fag er det høve til å ta eksamen som privatist. Paragraf 20-ordninga gir vaksne med nødvendig prakisis høve til å dokumentere sine kunnskapar og til å ta den praktiske og teoretiske delen for fag- og sveinebrev.

Det ligg eit potensial i reforma for betre tilpassing til vaksne sitt behov som enno ikkje er tilstrekkeleg utnytta, men vi er på god veg.

Dei som ønskjer å halde fram med utdanning etter vidaregåande skule, har òg betre sjansar til det enn før. I perioden 1980 til 1995 fikk vi 100 000 fleire studentar her i landet. Denne auken i studenttalet har mykje å seie for den samla kompetanseopp-bygginga. Men det er ein føresetnad å dimensjonere utdanninga meir etter arbeidslivet sitt kompetansebehov og leggje til rette for tilstrekkeleg rekruttering til fagområde som har problem med å skaffe arbeidskraft.

Gjennom organiseringa av høgskular og universitet i Noregsnettet har vi fått sterkare fagmiljø og ei betre arbeidsdeling mellom institusjonane.

Etter at den nye lova for universitet og høgskular begynte å gjelde 1. januar 1996, har desse institusjonane ansvar for å gi eller organisere tilbod om etterutdanning på sine område. Dette gir eit betre grunnlag for å leggje til rette tilbod for vaksne og for arbeidslivet. Høgskolen her i Lillehammer er eit godt døme på dette.

2. Mange elevar og studentar har problem med å tilpasse seg arbeidslivet etter at opplæringa er avslutta. Det er nødvendig å skape nærare band og utvikle samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet. Fornying av lærlingordninga og framveksten av ressurssentra er eksempel på at utviklinga går rett veg. Det må òg bli mogleg å finne fram til meir fleksible overgangar mellom utdanning og arbeid. Og den må gå begge vegar - frå utdanning til arbeid - tilbake til utdanning og ut i arbeidslivet igjen. Dette vil stå heilt sentralt i reforma. Verdsettjing av læringa i arbeidet vil gjere det lettare å få til slike overgangar.

OECD peiker på behovet for å utvikle og utnytte nye læringsmiljø. Arbeidsplassen peiker seg ut i så måte. Dette gir nye utfordringar for koplinga mellom utdannings-institusjonar og bedrifter. Og her har eg stor tru på at vi skal få til ein dokumentasjon av realkompetanse. Som de sikkert har registrert, står desse spørsmåla sentralt i debatten om ei etter- og vidareutdanningsreform.

3. Ei reform for etter- og vidareutdanning kan berre bli gjennomført dersom alle involverte partar arbeider saman. Og då meiner eg styresmaktene, partane i arbeidslivet, utdanningsinstitusjonane, studieforbunda, lærarane og den enkelte. Vi har meint å trekkje partane i arbeidslivet aktivt med i førebuinga av reforma. Dette kan vi òg sjå i samansetjinga av Buer-utvalet, der både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida er representert. Og vi ønskjer å utvikle nye samarbeidsmodellar og partnarskap mellom utdanning og arbeidsliv for å få til regional næringsutvikling. Eg reknar med at kollega Opseth vil komme inn på dette i sitt innlegg.

4. Som den fjerde strategien peiker OECD på behovet for å sikre eit finansielt grunnlag gjennom auka tildelingar frå fleire partar.

Vi veit at naturressursane våre - og spesielt petroleumsinntektene - er ein viktig føresetnad for den gode økonomiske situasjonen som vi no opplever her til lands og for den vidare utbygginga av velferda vår. Men det er den menneskelege arbeidskrafta - yrkesbe-folkinga med sine kunnskapar, si evne og sin kreativitet - som er vår viktigaste økonomiske ressurs.

Statistisk sentralbyrå har rekna ut at dei menneskelege ressursane utgjer om lag 2/3 av nasjonalformuen. Til samanlikning er petroleumsverksemnda rekna ut til mindre enn 10 prosent.

Investering i kompetanseutvikling er heilt nødvendig dersom vi skal styrkje syssel-settjinga og konkurranseevna. Og viljen til å satse på opplæring er stor. I ei under-søking blant små og mellomstore bedrifter som blei referert i pressa nyleg, svarer 78 prosent av bedriftene at dei vil bruke opp mot 5 prosent av inntekta på opplæring av tilsette.

Og dette er viktig. Staten kan ikkje greie å gjennomføre reforma åleine. Vi må ha ei brei tverrsektoriell tilnærming, der alle partar yter sitt i arbeidet.

4. Etter- og videreutdanningsreforma

I erklæringa til Regjeringa blei det lagt vekt på at etter- og vidareutdanning skulle vere det nye elementet i "det utvida solidaritetsalternativet". På Arbeidarpartiets landsmøte blei rammene for vaksenopplæringsreforma drøfta og konkretisert i følgjande hovudpunkt:

  • Det skal vere ein individuell rett til permisjon for etter- og vidareutdanning.
  • Finansieringa skal sikrast gjennom opptening i ein konto med bidrag frå styresmaktene og arbeidsgivarane.
  • Dokumentasjon av realkompetanse og verdsettjing av læring knytt til arbeidet.
  • Eit godt og forpliktande samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningssystemet for utvikling av gode og relevante opplæringstilbod.

Det er mange spørsmål som treng ei nærare utgreiing, og derfor har vi oppnemnt Buerutvalet.

Korleis skal reforma organiserast, og kven skal stå for tilboda? Skuleverket og utdanningsinstitusjonane har eit sjølvsagt ansvar. Men som eg har peikt på tidlegare, vil det òg vere nødvendig å etablere fleksible tilbod. Ny teknologi og fjernundervisning er sentrale stikkord her.

Eg vil vidare understreke fylka si rolle. I samband med den verksemda som ressurssentra driv, er det fylka sitt ansvar at sentra fungerer og har god kvalitet. Og eg spør: Fungerer ressurssentra som døropnar til arbeidslivet? Kjem erfaringane frå sentra den ordinære opplæringa til gode? Eg vil nemne at KUF no vurderer sentrale spørsmål i forhold til rammene for ressurssentra, så eg er svært interessert i å høyre korleis ein tenkjer seg ressurssenterverksemda i framtida. Det er mange som følgjer med og er interesserte: Henriksenutvalet, SNF-rapporten og NVI-rapporten er eksempel på dette. I tillegg har programstyret i sitt notat sagt seg interessert i å sjå på organiseringa av ressurssentra og kva utviklingspotensial dei har i samspel med lokalt næringsliv og lokale næringsstyresmakter.

5. Prosessen vidare

I meldinga til Stortinget om Langtidsprogrammet 1998-2001, som i blir lagt fram i mars, vil dei prinsipielle og overordna sidene med ein nasjonal handlingsplan for etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring bli drøfta og sett i samanheng med dei andre politikkområda.

Utgreiinga frå Buer-utvalet skal sendast på ei brei høyring hausten 1997. Mellom anna på grunnlag av denne utgreiinga vi Regjeringa leggje saka fram for Stortinget våren 1998.

Utgreiinga vil òg kunne vere eit grunnlag fot førebuingane i samband med tariffopp-gjeret neste år.

Dette vi gi oss eit godt grunnlag for den nasjonale handlingsplanen som Stortinget har gjort vedtak om.

6. Avslutning

Eg har i innlegget mitt skissert nokre av dei viktige grunnane til at vi treng ei reform for etter- og vidareutdanning no. Ikkje alle svar er på plass. Men vi har eit godt grunnlag. Så eg håper på eit godt samarbeid på alle plan - frå den største bedrift til den minste utdanningsinstitusjon.

Eg ser fram til gode idear frå denne godt kvalifiserte forsamlinga, og til eit godt samarbeid framover. Vi må alle ta et tak dersom vi skal lykkast med det arbeidet som er sett i gang.

Lagt inn 18 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen