Historisk arkiv

Innlegg på Nordisk Råds temakonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Innlegg på Nordisk Råds temakonferanse

Oslo, 4. mars 1997

I utgangspunktet er det ikkje noko gale i å bli påverka. Ein kan lett få det inntrykket når dei mest puritanske av oss ønskjer å verje nordisk kultur mot nye ord og framande tankar. Blir vi ikkje påverka — om det no er av bøker, film, politikk eller filosofi — ja, då vil vi ikkje utvikle oss heller.

Vi treng nye tankar og nye idear som vi kan bryne fordommane våre mot. Vi treng nye modellar og gode eksempel som kan gi oss inspirasjon til å løyse våre eigne problem. Og framfor alt: Vi må lære av kvarandre, lære å forstå kvarandre, slik at vi kan løyse verdsproblema gjennom samarbeid, ikkje gjennom krangel, krig og rivalisering.

« For å kunna vera i full meining human, må eg hava daning,» skreiv Arne Garborg i 1881. Han var som kjent både nasjonsbyggjar og verdsborgar. «Eg må vita det, som menn bør vita;» heldt han fram, «eg må kjenne dei store natur- og livs- og samfundslogjerne; — då fyrst kann eg nå upp til den fulle forståelse av meg sjølv og andre, som er humanitetens grunnlag.»

Arbeidet med dei store natur-, livs- og samfunnsspørsmåla er ikkje avgrensa til Norden. Ungdommen vil derfor ha stor glede av sin kjennskap til den nye verdskulturen den dagen den sjølve skal ta fatt på dei utfordringane som følgjer med arbeid og ansvar.

Men skal dei makte å ta inn over seg mangfaldet i verda, bør dei vere godt forankra i sin eigen kultur og sin eigen tradisjon. Den nasjonale og nordiske kulturen er utgangspunktet for reisa deira. Det er her dei lærer seg det språket og den tenkjemåten dei skal bruke når dei skal ta til seg kunnskap og visdom frå andre kulturar.

Språket er naturleg nok svært viktig. Dårleg språk gir uklar tanke.

Gjennom å studere vår eiga historie og vår eigen kultur, blir vi samtidig betre kjende med oss sjølve som menneske. Med Sokrates i tankane, kan vi seie at kjenner vi ikkje vår eigen lagnad, vil vi ikkje få noko realistisk bilete av verda heller.

Den generelle delen i den norske læreplanen tek opp elevane sitt behov for å utvikle eit rotfeste i lokalkulturen. Ettersom utviklinga av identiteten hos den enkelte skjer ved at ein blir fortruleg med nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer, skal opplæringa ta vare på og utdjupe elevane sin kjennskap til nasjonale og lokale tradisjonar, heiter det. Ifølgje læreplanen gjeld dette den heimlege historia og dei særdraga som er vårt bidrag til den kulturelle variasjonen i verda. Planen legg i forlenging av dette òg vekt på det særlege ansvaret Noreg og Norden har for å verne om samisk språk og kultur.

Ønsket om kulturell forankring gjeld naturleg nok òg den nordiske dimensjonen. Våre land er så tett knytte saman gjennom historie, språk og folkeleg kultur at vi med all rett kan snakke om ein nordisk heimstad.

Kvar dag går bortimot fire millionar nordiske elevar i skulen. Tek vi med universitet og høgskular, er det tale om fem millionar nordbuarar som dagleg går ut og inn av portane i nordiske utdanningsinstitusjonar. Eg er sikker på at vi ved bruk av enkle middel, som til dømes vidareutvikling av brevvekslingssamarbeidet, og ved bruk av ny informasjonsteknologi, kan oppnå mykje i å knyte kontakt mellom skular og elevar i Norden. Her vil vi derfor satse på vidare utbygging av nordiske datanettverk innanfor skule, utdanning og forsking.

Men dette kan sjølvsagt ikkje erstatte direkte kontakt mellom unge frå forskjellige nordiske land gjennom kortare besøk og studieopphald. Viktige verkemiddel i arbeidet for å fremje mobilitet av elevar og studentar i Norden er til dømes avtalen om tilgjenge til høgre utdanning i Norden, og den tidlegare gymnasavtalen om tilgjenge til vidaregåande opplæring.

Noreg ønskjer å trappe opp dei nordiske kontakt- og utvekslingsordningane.

På denne måten ønskjer vi å få til større kontakt mellom nordisk ungdom. Slik kan vi leggje grunnen for betre innsikt i nordisk kultur, språk og historie, og knyte våre land nærare til kvarandre. Og greier vi det, vil den nordiske ungdommen stå sterkt rusta når den skal møte den nye verdskulturen.

Lagt inn 5 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen