Historisk arkiv

Mot rikare mål å trå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Fylkeskommunane sin utdanningskonferanse 1997
26.06.97
Kongsberg

Mot rikare mål å trå

Eg har ein visjon om eit samfunn og eit utdanningssystem som inkluderer alle. Som er ope for dei som har behov for ny eller meir utdanning. Som er i stand til å ta imot heile befolkninga med alle dei variasjonane som finst, og der fellesskapsløysingane gir svar på spørsmålet: «Kva er dine behov for kompetanse og opplæring?» Det handlar om å oppfylle både individuelle og samfunnsmessige behov.

På Europarådets ministerkonferanse, som blei gjennomført i Kristiansand tidlegare i veka, samanfatta eg debatten i fire punkt. Eg ønskjer å gjengi dei her fordi dei grip rett inn i vår nasjonale utdanningspolitiske debatt. Desse fire punkta legg vekt på

  • fundamentale verdiar fordi framtida vår er avhengig av at vi ikkje mister av syne det grunnlaget samfunna våre byggjer på,
  • demokratisk kompetanse, som blant anna blir utvikla gjennom deltaking og erfaringar frå skulesamfunnet,
  • å bruke utdanningssystemet for å gi dei unge eit håp om eit meiningsfullt liv og hindre at unge som droppar ut av opplæringa, blir sosialt utstøytte og
  • at Europarådet trengst for å møte utfordringane som er knytte til krig, vald, rasisme og undertrykking med demokratiske verdiar og demokratisk kompetanse.

I den utdanningspolitiske utgreiinga eg gav Stortinget i mai, la eg vekt på tre grunnleggjande utfordringar som møter utdanningssystemet i Noreg.

For det første: Demokrati, likeverd og fordeling av goda står og fell med den aktive deltakinga frå samfunnsmedlemmene. I siste instans er det eit spørsmål om kompetanse, om evna til å møte verda og andre menneske med forstand og solidaritet.

For det andre: Arbeidslivet treng personar med fagkunnskap, kreativitet og motivasjon for læring, sjølvstende og ansvarsmedvit, dvs. oppdatert kompetanse, og vi har mindre enn nokon gong råd til å la talent gå til spille! Verken hos dei unge eller dei vaksne. Utdanningssystemet speler ei nøkkelrolle her.

For det tredje: Oppvekst- og livsvilkåra til barn og unge har endra seg. Dei unge kan på ein heilt annan måte enn før velje livsvegen sin. Det stiller krav til kompetanse, til å vere informert om ulike utdanningar og yrke - og til å kunne ta ei avgjerd. I sterkare grad er formell opplæring og arbeid skilt. Her må det byggjast bruer. Arbeidslivet må dele opplæringsarbeidet med utdanningssystemet. Basiskompetansen blir utvikla gjennom utdanning - spisskompetansen gjennom deltaking i arbeidslivet.

Eg ser no at desse tankane står heilt sentralt i den internasjonale tenkinga om kva dei viktigaste oppgåvene til opplæringssystemet er.

Kva har vi utretta på 90-talet i opplærings- og utdanningssystemet? Korfor har vi gjennomført eit utdanningspolitisk reformlyft i heile utdanningssystemet - som omfattar innhald, struktur og lovverk?

Utdanningsreformer er ikkje mål i seg sjølv. Målet med 90-tals-reformene har vore å utvikle løysingar innanfor opplæring og utdanning som skal tene den enkelte, arbeidslivet og samfunnet både på kort og lang sikt. Det er derfor ei viktig side ved reformene i 1990-åra at dei tillet endring og dynamikk. Eit utdanningssystem for framtida må vere budd på fleire moglege utviklingsvegar. Det må vere slik innretta at det kan møte nye behov og endra rammevilkår. På same tid må det vere stabilt slik at hovudstrukturane står fast over tid. Det er dei unge sine liv og deira framtid vi planlegg for. Derfor må endringane vere solid tufta på innsikt og analyse.

  • Med Reform 97 har vi fått ein 10-åring obligatorisk grunnskule, og det faglege innhaldet er fornya i alle fag.
  • Med Reform 94 har vi lagt om og modernisert den vidaregåande opplæringa i innhald og struktur og gitt alle unge ein rett til opplæring.
  • Med Noregsnettet har vi gjennomført ei samordning og funksjonsfordeling innanfor høgre utdanning slik at ressursane blir brukte meir målretta. I tillegg har vi på 90-talet oppretta ca. 55 000 nye studieplassar i høgre utdanning.
  • Med lærarutdanningsreforma vil vi få ei framtidsretta lærarutdanning, også for den vidaregåande opplæringa.

Når den planlagde etter- og vidareutdanningsreforma er på plass, vil vi ha fornya heile det norske utdanningssystemet, og støypt det om til ein heilskap.

Eit likeverdig opplæringstilbod

Ei rettesnor for Regjeringa, også i arbeidet med Reform 94, har vore å halde fast på - og utvikle vidare - prinsippet om det likeverdige opplæringstilbodet. Målet er å utvikle kunnskap og kompetanse og gi rom for mangfald og valfridom. Vi stettar samfunnsmessige behov, tryggjer faglege nivå og sikrar individuelle rettar. Og dette er i samsvar med det beste i vår norske tradisjon.

Kva har vi så oppnådd gjennom Reform 94? Eg er blitt skulda for at eg driv skjønnmåling av reforma. Det er sjølvsagt ikkje korrekt. Men det er ikkje eit mål for meg å vinne nokon meisterskap i å skildre kor ille det står til. Den arenaen overlet eg til dei som har gjort seg til spesialistar på den slags. Eg har elles lagt merke til at leiaren i SV, Kristin Halvorsen, i Aftenposten 9. juni, seier at ho ikkje vil vere med på ei einsidig svartmåling fordi «Vi vet at folk ikke vil tro noe på det, dersom vi svartmaler situasjonen i Norge på alle bauger og kanter». Kloke ord, som vi alle kan leggje oss på minnet. I same avis, 12. juni, seier direktør Per Espeli i Kommunenes Sentralforbund omtrent det same som kommentar til alle dei skattemillionane som no strøymer inn til kommunar og fylkeskommunar.

For meg har det vore ei sentral oppgåve å få fram eit nyansert bilete av Reform 94 og slå ring om det vi har oppnådd. Eg meiner at eg ikkje driv skjønnmåling når eg seier at vi er på god veg til å nå dei viktigaste målsetjingane med Reform 94. Vi har gitt alle unge ein rett til vidaregåande opplæring, og vi har fått ungdommen til å tru på eit liv som fagarbeidar. Derfor søkjer no meir enn halvparten av årskulla seg til yrkesfaga.Vihar heva kunnskapskrava og auka kompetansenivået på dei fleste fagområda. Vi harutforma målstyrande læreplanar med breie, framtidsretta kompetansemål. Strukturen er fleksibel. Vi harfjerna dei «snublesteinane» som førte til at tusenvis av elevar før reforma måtte gå «på kryss og tvers». Vi har sytt for at alle utdanningsvegane er blitt kompetansegivande, om det gjeld studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse.Vi er såleis i ferd med å komme oss ut av sløsinga med dei unges tid og talent. Arbeidet med differensiering og tilrettelegging er komme langt.Vi har lagt til rette for dei som har problem med å følgje det normale opplæringsløpet, blant anna ved å lage fleksible ordningar fram mot dokumentert delkompetanse. Gjennom statistikkinnhenting og forskingsbasert evaluering har vi følgt Reform 94 frå halvår til halvår. Vi veit meir om vidaregåande opplæring enn nokon gong. Dette er viktige resultat - både for den enkelte og for samfunnet.

Det er vesentleg når vi oppsummerer og slår fast kvar vi er i reformarbeidet - anten det gjeld dei måla vi når eller dei utfordringane som ventar - at vi samanliknar med situasjonen før Reform 94. I denne forsamlinga skulle det vere liten grunn til å minne om den. Vi veit alle saman at utan Reform 94 ville vi i dag ha vore i ei utdanningspolitiske bakevje. La oss ikkje gløyme det, når vi tid om anna er ueinige om element i reforma.

Det er ikkje minst gjennom den innsatsen som er gjort av fylkeskommunane og samarbeidspartnarane dykkar at vi har greidd dette. De har vore med på å gjennomføre det som er blitt kalla den største nasjonale «dugnaden» innanfor vidaregåande opplæring. Det same gjeld partane i arbeidslivet og lærar- og elevorganisasjonane. Det er ei glede for meg å kunne seie dette i denne forsamlinga og takke for innsatsen så langt.

Reformarbeidet har handla både om å ta vare på gammalt godt, utvikle og reformere, avlære og tenkje nytt, rive ned murar, fjerne hindringar og skape rom for framtidsretta innhald, betre gjennomstrøyminga for elevar og lærlingar og skape nye samarbeidsrelasjonar mellom utdanning og arbeidsliv.

Reform 94 er verken fullkommen eller fullenda. Det skulle då også berre mangle. Eg veit ikkje om noko system som er slik laga at det ikkje let seg forbetre. Vi kan såleis ikkje slå oss til ro med det vi har oppnådd. Som ei oppsummering framfor det siste «reformåret» vil eg kort trekkje fram sju punkt. Somme vil eg komme tilbake til.

1 Retten til opplæring fungerer, og representerer eit reelt tilbod til dei unge. Vi har i Noreg greidd å halde 97 % av aldersgruppa 16 - 18 år i opplæring eller oppfølging. Vi har unngått å marginalisere store ungdomsgrupper - i motsetnad til ei rekkje europeiske land. Vi har satsa på opplæring som strategi mot arbeidsløyse og for berekraftig utvikling både for den enkelte unge og for samfunnet. Tony Blair vil det same. Slagordet hans i valkampen var nettopp «meir utdanning til alle» - og han vann! Frå dei som har vore motstandarar av Reform 94 heilt frå starten, ja, til og med vore imot at dei unge skulle få ein rett til vidaregåande opplæring - og som på ymse vis har prøvt å motarbeide reforma - må dette vere ein tankekross.

2 Strukturen ligg fast, men det er gjort nødvendige tilpassingar og endringar undervegs, t.d. innanfor studieretning for allmenne og økonomiske og administrative fag. Ikkje minst av omsyn til dei som søkjer vidaregåande opplæring, pliktar vi å halde fast på hovudtrekka i strukturen. Dei må vite kva dei går til! Eg minner om strukturkaoset med over hundre grunnkurs før Reform 94. Vi veit enno ikkje nok om verknadene ved reforma , og vi må vakte oss vel for å gjere noko som fører oss tilbake til den situasjonen vi er i ferd med å arbeide oss ut av. Eg - og eit fleirtal i Stortinget - har såleis gått imot forslaget frå Høgre om å etablere alternative løp og nivå i yrkesutdanninga. Dersom forslaget var blitt vedtatt, ville vi løpet av kort tid vere på veg tilbake til ein uryddig struktur. Eg vil i ei eiga stortingsmelding komme med forslag basert på godt fundert dokumentasjon og vil ikkje la meg føre på villspor av overgangsproblem. Eg vil halde meg til prinsippet å gjere tinga «fullt og helt, og ikke stykkevis og delt».

3 Arbeidet med læreplanverket er for det meste fullført. Departementet har fastsett til saman 387 læreplanar. 2000 lærarar og fagpersonar har deltatt i dette arbeidet. Det er utvikla ca. 1300 nye læreboktitlar, og staten har gitt 265 millionar kroner i lærebokstøtte. Dette gjeld både yrkesfaga og dei allmenne faga. Den store oppgåva no er å gjere ferdig læreplanane i teknisk fagskule. Denne innsatsen viser at Reform 94 i aller høgste grad er ei innhaldsreform.

Eg møter påstandar om at teorikrava er for høge i yrkesopplæringa, og at elevane ikkje greier dei faglege krava. Det har aldri vore eit mål med Reform 94 at alle skal makte å nå like langt, men det er eit krav til alle opplæringsansvarlege å leggje forholda til rette slik at den enkelte elev og lærling får utnytte sine evner og anlegg best mogleg. Dette inneber blant anna meir yrkesretting av allmennfaga. Eg viser elles til det Karl Glad frå NHO sa på ein pressekonferanse 19. juni. Ein kan ikkje løyse faglege problem ved å senke krava til fagbrev, men ved å auke innsatsen for dei elevane som har problem, blant anna gjennom delkompetanse. Eg er tilfreds med at fleirtalsløysingane i Stortinget får støtte frå partane i arbeidslivet. Så får heller andre stå åleine med forslag som kan innebere eit klasseskilje blant fagarbeidarane i framtida.

4 Den fylkeskommunale oppfølgingstenesta fungerer. Eg kjenner knapt til andre land som så aktivt har oversyn over og systematisk fangar opp heile ungdomskullet som vi no gjer. Siste kartlegging per 1. juni 1997 frå 18 fylkeskommunar viste at totalt var 97 % av ca. 157.000 elevar og lærlingar i opplæring eller arbeid. Gruppa utanfor opplæring eller arbeid fordeler seg slik:

  • 1,6 % (2520) er framleis under oppfølging,
  • 0,5 % (780) har takka nei til oppfølging,
  • 0,3 % (470) er ikkje oppspora og
  • 0,6% (930) omfattar blant anna personar i militærteneste og svangerskap.

14 % elevar og lærlingar ( 22 500) har vore registrert av oppfølginstenesta. Av desse er 7 % utan behov for oppfølging (dei tar t.d. opplæring i utlandet, går på folkehøgskule eller er i arbeid). Erfaringane viser at det er viktig å gi dei ungdommane som kjem i kontakt med oppfølgingstenesta,- og som har oppfølgingsbehov - fleire sjansar, særleg dei som er i ferd med å avbryte opplæringa.

5 For å sikre og forbetre elev- og lærlingvurderinga er det blant anna utarbeidd retningslinjer og eksempeloppgåver. For fagopplæringsdelen sitt vedkommande har dette skjedd i nært samarbeid med opplæringsråda.Vidare er det gjennomført skulering av både sensorar og prøvenemnder. Eg vil understreke den viktige oppgåva fylkeskommunane har for å kvalitetssikre både elevvurderinga og vurderinga av lærlingane. Det er fylkeskommunane som har nøkkelen til eit kvalitativt godt system, og det er nødvendig med løpande oppfølging frå fylkeskommunane si side. Dette må vere ei høgt prioritert oppgåve.

6 Kompetansen til leiarane - og lærarane - ved dei vidaregåande skulane er avgjerande viktig. Departementet har utarbeidd kompetansemål for leiarutvikling ( LUIS) og har løyvt midlar til opplæringsprogram. Det er no opp til fylkeskommunane å setje i verk opplæringa.

7 Etterutdanninga av lærarar og instruktørar er i rute. Aldri før har det vore gjennomført ei så omfattande og målretta etterutdanning. Til og med 1996 har 61 000 lærarar og 8 500 instruktørar fått etterutdanning. Det er brukt 430 millionar kroner til denne innsatsen. I tillegg har staten løyvt ca. 1 milliard kroner i reformperioden til utstyr og bygningar. Mange fylkeskommunar har gjort eit omfattande arbeid med den desentrale etterutdanninga, og rektorar og lærarar har følgt godt opp. Dette arbeidet må halde fram.

Etter kvart som vi har lagt bak oss det tyngste etterutdanningslyftet, kan vi - og de i fylkeskommunane - oppfylle meir spesifikke etter- og vidareutdanningsbehov. Eg tenkjer her m.a. på dei behova eldre lærarar har for oppdatering og motivasjon.

Satsingsområde framover

Reform 94 har gitt oss auka innsikt i og kompetanse på den vidaregåande opplæringa. Gjennom

  • departementet si eiga statistikkinnhenting,
  • tilstandsrapportane frå utdanningsdirektørane,
  • 40 rapportar frå EVA 94 (evalueringa av R 94) hittil og
  • informasjon frå Statistisk Sentralbyrå

får vi nå eit materiale som kan brukast i den nasjonale utdanningspolitikken, i den fylkeskommunale planlegginga, i arbeidet på den enkelte skule og i den enkelte lærebedrift, retta mot det som skjer i klasserom og verkstader og overfor den enkelte elev og lærling. Det er viktig at materialet blir nytta og at datasystema fungerer, blant anna LINDA opplæring og skuleadministrative edb-system.

Læreplassar

Med Reform 94 gjorde vi lærlingordninga til ein integrert del av den nye vidaregåande opplæringa.. Det var eit dristig grep. Kva seier så erfaringane ? Gjorde vi rett ? Sjølv om vi har møtt startvanskar, meiner eg ja. For stort sett er erfaringane gode. Noreg har klart det få eller ingen andre land har fått til. Fagopplæring er blitt ei utdanning for dei unge.

Men ingen kan ha trudd at ei så omfattande reform skulle vere heilt utan overgangsproblem. Eg viser her til ein pressekonferanse 19. juni, der det frå NHO, LO og KS blei peikt på at det vil ta ein del tid før vi kan hauste full effekt av storsatsinga på fagopplæring i arbeidslivet. Dette er eg einig i.

Når det gjeld den aktuelle situasjonen for lærlingane, fortel tala at per 12. juni hadde ca. 17 200 reformelevar søkt læreplass. Det er om lag 1000 fleire enn på same tid i fjor. Til no er det inngått 15 200 intensjonsavtalar. Dette er totaltal. Når tala blir korrigerte for mistilpassingar, ser ein at dei 15 200 intensjonsavtalane vil kunne gi læreplass til om lag 13 000 av søkjarane på landsbasis. Det er ein liten nedgang i forhold til i fjor.

Trass i at ein må akseptere visse startproblem, er eg ikkje fornøgd med utviklinga i dei oversiktene som no ligg føre. Og problemområda er dei same som i fjor, både når det gjeld mangel på læreplassar og mangel på lærlingar! Etter mi meining burde vi på dette tidspunktet i formidlingsarbeidet kunne vise til større samsvar mellom søkjarar og intensjonsavtalar, mellom anna fordi innsatsen i formidlingsarbeidet er kraftig auka det siste året, og det er gjort ekstra innsats i informasjonsarbeidet. Det gjeld alle aktørar med ansvar i denne saka. Dessutan er det løyvt 250 mill. kroner ekstra til lærlingordninga. Dette skulle borge for eit godt resultat. Når vi likevel ikkje er i mål, går mi oppfordring til arbeidslivet. Til organisasjonane, bransjane og enkeltbedriftene. Det er enno tid til å vise at arbeidslivet i privat, kommunal og statleg sektor greier å skaffe dei læreplassane vi treng for å gi ungdommen ei god utdanning og sikre rekrutteringa til arbeidslivet.

Systemet er ikkje stabilt nok. At fleire tusen unge ikkje kan skaffast læreplass, kan vi ikkje leve med. Det offentlege kan ikkje lovfeste ein individuell rett til opplæring, lage ein hovudmodell for fagopplæring som føreset opplæring i bedrift, og så til slutt seie til dei unge at denne opplæringa skal de få dersom arbeidslivet vil ta imot dykk. Dette er ein umogleg situasjon.

Det er uråd for styresmaktene å gjere utdanningstilbodet avhengig av konjunkturane. Det er både praktisk og politisk umogleg. Ut frå dette er det oppmuntrande å høyre frå partane i arbeidslivet at ambisjonen er å gjere opplæringa konjunkturuavhengig - å gi opplæring i både gode og dårlege tider.

Underskot på læreplassar set også fylkeskommunane, som ansvarlege for opplæringstilbodet, i ein vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, situasjon. I verste fall vil dei få problem med å realisere retten til fullført fagopplæring. I beste fall må dei supplere med opplæringsplassar i skule. Tilbodet om avsluttande fagopplæring kan komme til å variere mellom lærebedrifter og skule frå det eine året til det andre. Slik kan vi ikkje ha det.

Stortinget har nyleg diskutert ei eiga melding om lærlingsituasjonen og fatta fleire vedtak, blant anna skal departementet greie ut ei eventuell etablering av ei fondsordning for å dekkje lønskostnader for lærlingane. Eg har stor tru på at vedtaka i Stortinget har lagt eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med denne delen av opplæringssystemet.

KUF har gjennomført ein kampanje - målretta mot dei bransjane der det er størst behov for læreplassar. Det eg oppmodar om, er ein ekstraordinær innsats retta mot bedrifter i bransjar der målet ikkje er nådd. Det gjeld ikkje minst kommunal sektor. Det er no gått ut eit brev frå kommunal- og arbeidsministeren og meg med sterk oppfordring om at kommunane og fylkeskommunane tar inn lærlingar - som service for eigne ungdommar og fordi ein føresetnad for eit kvalitativt velferdstilbod i kommunane er kvalifisert arbeidskraft. La meg her rose vertsfylket, Buskerud, som har greidd det som somme har meint var umogleg, nemleg å skaffe tilsegn om læreplass til alle i desse faga. Også andre fylkeskommunar ligg godt an. Mykje tyder på at systematisk og uthaldande arbeid gir resultat.

Den forskingsbaserte evalueringa har komme fram med informasjonar som gir grunn til både ettertanke og tiltak. For det første viser det seg at framandspråklege, eller personar med annan hudfarge, har problem med å få lærekontrakt sjølv om karakterane er gode. Vidare blir det peikt på at fleire bransjar eller enkeltbedrifter tenkjer svært tradisjonelt også når det gjeld kjønn, og tilset heller gutar med dårlege karakterar enn jenter med gode. Utvalskriteria er heller utydelege. Det er nedslåande at motiverte og dyktige ungdommar kan bli stoppa av slike uklare årsaker.

Vi ønskjer ikkje eit kjønnsdelt utdanningssystem eller ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. Derfor har departementet mellom anna i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet sett i gang prosjektet Nye utdanningsval, som særleg set fokus på utdannings- og yrkesvala til jentene. Forprosjektet vil bli følgt av eit treårig hovudprosjekt i 1998 -2001. Prosjektet er tenkt forankra i nokre fylkeskommunar, og vil bli vurdert undervegs. Det vil bli informert breitt om resultat og generelle erfaringar når prosjektet er sluttført. Eg vil vidare i denne samanhengen understreke kor viktig rådgivingstenesta på skulane er. Derfor oppmodar eg fylkesutdanningssjefane om å syte for at skulane har gode opplegg for orientering om utdanning og yrkesval.

Innhaldsreforma

Eg er svært opptatt av innhaldsdelen i reforma, og eg synest vi er komne godt i veg - både når det gjeld tiltak og innhenting av informasjon om kva som skjer i fylkeskommunane, på skulane og i lærebedriftene.

Læreplanverk, forskrifter og metodiske rettleiingar er utarbeidde.

Kvaliteten i læringsmiljøet i vidaste forstand blir evaluert i EVA 94. I ein rapport frå februar 1997 viser forskar Lars Monsen at det kollegiale samarbeidet har auka som ein konsenkvens av reforma. Monsen viser òg at aktiviteten rundt om i fylkeskommunane er stor når det gjeld kurs og etterutdanning av skuleleiarar og lærarar. Utfordringane framover er først og fremst knytt til den praktiske bruken av av læreplanverket i klasserommet og i verkstaden. At Vegvisaren blir gjennomgått på kurs for lærarar, er bra, men dersom lærarane - i samarbeid med elevane - ikkje overfører ideane til praksis, har vi ikkje nådd målet. Det kviler eit ekstra ansvar på fylkeskommunen gjennom skuleleiinga til å omsetje innhaldsreforma til dagleg praksis.

Monsen viser at fleirtalet av elevane i undersøkinga hans meiner at læraren er hovudansvarleg for å skape vilkår for læring i klassen. Mange elevar gir likevel uttrykk for at dersom dei hadde fått høve til det, ville dei gått meir aktivt inn og tatt meir ansvar for læringsmiljøet.

Evalueringa av Reform 94 viser at få skular har drive ei systematisk oppsummering av erfaringane med reforma. Her er ei viktig oppgåve som fylkeskommunane må ta fatt på. Det handlar ikkje om rapporteringsplikt, men om å gjere opplæringa stadig betre. I anna arbeidsliv snakkar ein gjerne om lærande organisasjonar. Skulane som kunnskapsbedrifter skulle meir enn andre verksemder nettopp vere gode til å utnytte læring og erfaring. Utfordringane er ikkje berre retta mot skulane. Eg tenkjer òg på lærebedriftene. Fylkeskommunane har eit overordna ansvar, og må følgje dette opp.

Opplæringsboka

Når det gjeld arbeidet med innhaldsreforma og kvalitetssikringa av opplæringa, vil eg nemne opplæringsboka. I budsjettinnstillinga i 1996 uttalte komitefleirtalet i Stortinget: «Flertallet mener opplæringsboka er et redskap for kvalitetssikring for hele den videregående skole, men det er viktig med en dialog med organisasjonene om hvordan bruken av opplæringsboken skal praktisereres.» Eg har følgt oppmodinga frå komiteen om å samarbeide nært med organisasjonane. Derfor vil eg her ta sterkt avstand frå skuldinga som er sett fram av ein stortingsrepresentant om at departementet ikkje har vore villig til å gå i dialog og høyre på lærarorganisasjonane.

Det var ei innvending mot førsteutkastet av opplæringsboka at den ville føre til byråkratisering, og at føring av boka ville stele tid frå det som er hovudoppgåva til lærarane - å undervise. Gjennom utprøvingsprosessen har departementet tatt omsyn til innvendingane. Målgruppa er blitt meir tydeleg. Opplæringsboka er dessutan først og fremst eleven si bok. Den er ikkje byråkratisk og belastar ikkje undervisningstida. Det er ikkje læraren, men eleven som skal føre opplæringsboka. At lærarane har eit ansvar at undervisninga skal planleggjast, reknar eg med ikkje er nytt med Reform 94.

Lærarforbundet har hatt innvendingar mot bruk av opplæringsboka. Det er verdt å merke seg at andre sentrale partar og aktørar sterkt ønskjer ei slik bok. Dei sluttar seg til formålet med opplæringsboka, nemleg at den er eit middel til å styrkje kvaliteten på opplæringa. Lars Monsen skriv i sin evalueringsrapport om Reform 94 - publisert no i juni: «Opplæringsboken har faktisk på ett år ført til endringer i samarbeidsmønsteret mellom lærere og elever som er langt større enn det læreplanene og støttedokumentene ser ut til å få til.»

Det forundrar meg kor lite lydhøyre ein har vore overfor elevane i denne saka. Det er tydelegvis ikkje alltid like lett å vere på parti med framtida. Leiaren i Norsk Elevorganisasjon sa dette om opplæringsboka 8. juni i Aftenposten: «Opplæringsboken skal ikke være grunnlag for karaktersetting, men vil etter vår mening sikre at elever får opplæring ifølge læreplanen og lærer seg til å være kritiske og selvstendige i en helhetlig læringsprosess.»

Det er særleg overraskande at Høgre, som er så opptatt av kvaliteten i opplæringa og av kunnskap, går imot opplæringsboka, som skal medverke til - og sikre - at elevane lærer «mest og best». Eg går sjølvsagt ut frå at somme heretter er meir lågmælte når det gjeld å kritisere meg og departementet for ikkje å vere nok opptatt av det faglege nivået i Reform 94. Dei meiner tydelegveis at det er behov for kvalitetssikring i yrkesfaga, men altså ikkje i allmennfaga. I motsetnad til desse meiner eg at det er minst like viktig å kvalitetssikre opplæringa i matematikk og norsk som i helse- og sosialfag og elektrofag. Men her er vi altså ueinige.

Det er no gått ut rundskriv til fylkeskommunane om at dei tar ansvar for at opplæringsboka blir innført i alle fag på dei yrkesfaglege studieretningane.

Arbeidet med differensiering og tilrettelegging vil halde fram. Dette er vesentlege element i utviklinga av det likeverdige opplæringstilbodet og for læringsutbyttet til den enkelte eleven og lærlingen.

  • Derfor har departementet sett i verk Prosjekt delkompetanse, der no om lag 400 elevar i fem fylkeskommunar deltar. Departementet arbeider dessutan med spørsmålet om å tillate delkompetanseelevar opplæring i bedrift under lov om fagopplæring i arbeidslivet.
  • Departementet har vidare sett i verk ei rekkje tiltak for å sikre god rettleiing til dei som skal søkje vidaregåande opplæring eller læreplass.
  • Differensiering vil stå sentralt i arbeidet framover. Her har vi framleis mykje utgjort i opplæringssektoren. Eg vurderer å setje i gang eit større FOU-arbeid innanfor dette feltet.

Gjennomstrøyming og omfang

I debatten om reforma har det komme fram ei rekkje påstandar om kor mange som sluttar eller ikkje kjem til å greie dei faglege krava. Fakta frå Norsk institutt for utdanningsforsking, NIFU, om rettselevane frå det første reformkullet, fortel at dei aller fleste som siktar mot studiekompetanse, følgjer normal progresjon. Når det gjeld elevar som siktar mot yrkeskompetanse, vil fleirtalet av desse avslutte opplæringa våren 1998. Det er for tidleg å spå om kor mange av desse som vil oppnå delkompetanse.

Gjennomstrøyming og karakterstatistikk tyder ikkje på at situasjonen for elevane er vanskelegare no enn før. Tvert imot. Rapporteringa frå forskarane dokumenterer at reforma har positiv effekt på gjennomstrøyminga. Det er 10 % betre gjennomstrøyming for alle elevane enn før Reform 94. For yrkesfagelevane er den 25 %. Elevane får også bra karakterar. Etter førre skuleåret viste karakterstatistikken at om lag 90 % av grunnkurselevane hadde greidd alle fag. I VkI var det 92 %. Karakterane for inneverande skuleår ligg enno ikkje føre.

Som de alle veit, skal talet på elevar og lærlingar utgjere minimum 375% av eit gjennomsnittleg årskull. Dette kravet skal vere oppfylt frå skuleåret 1997/98. Talet på søkjarar - både unge og vaksne - går ned. Dei førebelse søkjartala tyder på at somme fylkeskommunar vil kunne få problem med å oppfylle omfangsforskrifta. Forskrifta opnar for dispensasjon. Men eg er ikkje innstilt på å gi slik dispensasjon med mindre søkjarane har fått eit tilbod. Eg føreset også at fylkeskommunen faktisk har gitt tilrettelagde tilbod for vaksne og for andre utdanningssøkjande med behov for særskilt tilrettelagd opplæring. Eg viser til at saka - og eventuelle reaksjonar frå staten si side - er omtalt i kommuneøkonomiproposisjonen.

Eg veit at mange fylkeskommunar opplever omfangsforskrifta som eit lite heldig pålegg. Når eg her utfordrar dykk i denne saka, er det fordi spørsmålet om omfang i djupaste forstand gjeld fylkeskommunen som aktør ikkje minst i den framtidige utdanningsmarknaden. De skal ikkje berre gi ordinær utdanning for dei unge, de skal posisjonere dykk for det neste store utdanningslyftet - etter- og vidareutdanningsreforma. Det vil vere påfallande no å byggje ned tilbodet. Eg håper de ser den sjansen de no har som tenesteytarar i den fylkeskommunale utdanningssektoren. Eg vil derfor følgje situasjonen i fylkeskommunane nøye.

Etter- og vidareutdanningsreforma

Buer-utvalet legg fram si innstilling om ei etter- og vidareutdanningsreform 1. oktober i år. I dag har vi tusenvis av ledige arbeidsplassar, men òg mange arbeidslause som manglar etterspurd kompetanse. Derfor må vi bruke etter- og vidareutdanning som eit målretta strategisk verkemiddel, både for å gi den enkelte ein ny sjanse og for å fylle tomme stillingar. Den rivande utviklinga og dei nye kompetansebehova får meg til å tenkje på fiskeskipparen heimanfrå som framfor synet av teknologien i nybåten, utbraut: «Hadde dei frose meg ned i 1956 og tint meg opp igjen i dag, hadde eg hon'en ikkje greidd å få båten min frå kaia».

Etterutdanning skjer kvar dag gjennom erfaring. Men det er ikkje nok. Vi må omskulere dei som er arbeidslause og etter- og vidareutdanne dei som allereie er i arbeidslivet. Vi har ein glimrande reiskap i den vidaregåande opplæringa. Vi har eit godt utbygd system. Men for at vi skal kunne stette behova hos dei vaksne, må vi tenkje organisering og tilrettelegging på ein ny måte. Brukarorientering og brukarmedvit må gjennomsyre utdanningssystemet. Struktur og system skal tene brukarane - ikkje omvendt.

Dette stiller oss alle overfor nye utfordringar - både på statleg og fylkeskommunalt nivå. Truleg står vi no overfor eit vendepunkt i opplæringa. Gjer noko med det!

Avslutning

Eg starta med ein visjon. La meg avslutte med eit bilete: I min visjon er det norske utdanningssystemet som ei flod. Store elvar og små bekkar gir kraft og styrke til floda, og gir også liv og vokster. Ei flod som overrislar og gir næring. Ei flod der ein både kan segle i ro og bli utfordra av stryk og straumar. Målet for utdanningspolitikken til Regjeringa er å gjere reisa tilgjengeleg for alle, både dei som helst vil vere i trygge farvatn, og dei som likar seg best der farta er stor, og reisa er rask.

Olav H. Hauge er ein lyrikar eg gjerne les og siterer. I det ordknappe diktet «Elvane møtest» uttrykkjer han det eg ønskjer skal vere visjonen om utdanninga i framtida:

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.
Grip kvarandre i hendene.
Blandar sin song og sitt blod.
Held fram einige, sterkare,
snåvar ikkje so lett i steinane:
Turrskodd skal ingen vassa oss no!

Lykke til !

Lagt inn 26 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen