Historisk arkiv

Opning av ny utstilling på Energisenteret - Hunderfossen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Energiforsyningens Informasjonssenter
Opning av ny forbruksutstilling
7. juni 1997
Hunderfossen

Opning av ny utstilling på Energisenteret - Hunderfossen

Det er ei glede for meg å få høve til å opne den nye utstillinga på Energiforsyningens Informasjonssenter på Hunderfossen.

Til no har ein fokusert på produksjon av elektrisk energi på utstillinga til energisenteret. På den nye utstillinga blir det lagt vekt på kor viktig elektrisitet er for den enkelte forbrukar. Eg håper at dette kan medverke til at dei som kjem hit, får større innsikt i korleis vi kan forvalte dei energiressursane vi har på ein best mogleg måte, både økonomisk og med tanke på miljøet.

De som besøkjer energisenteret, kan oppleve ein spennande tur i ei teknologisk verd der elektrisk energi er grunnlaget for eit moderne levesett. De får sjå korleis krafta i rennande vatn blir gjort om til elektrisk energi. Ein får sjå korleis energien blir frakta til brukarane heime og til arbeidslivet, korleis vi utnyttar dei store ressursane vi har og korleis moderne teknologi har forandra heile levemåten vår.

Landet vårt er i ei særstilling fordi vi har store mengder av vasskraft. Dette er ein fornybar energiressurs. Det har sett oss i stand til å byggje opp ein berekraftig industri. På den måten har vi lagt grunnlaget for eit rikt og moderne samfunn, der teknologi er ein viktig berebjelke. Samtidig er det viktig at vi forvaltar dei store ressursane vi har på best mogleg måte, både med tanke på miljøet rundt oss og med omsyn til framtida, både for oss og etterkommarane våre. Det er fint at utstillinga tek opp desse spørsmåla og utfordrar oss på det ansvaret kvar og ein har.

I den nye læreplanen som dekkjer både grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring står det mellom anna at:

«Samspelet mellom økonomi, økologi og teknologi stiller vår tid overfor særlege kunnskapsmessige og moralske utfordringar for å sikre ei berekraftig utvikling. Opplæringa må følgjeleg gi brei kunnskap om samanhengane i naturen og om samspelet mellom menneske og natur.»

Dette viser at vår teknologiske arv og den nye teknologiske utviklinga har ein viktig plass skulen i dag.

Her på utstillinga kan, både vaksne og born i alle aldrar, få kjennskap til ein viktig del av den teknologiske kulturarven på ein spennande og engasjerande måte. Utnyttinga av vasskraft til elektrisk energi er og eit godt døme på korleis mennesket kan bruke dei ressursane naturen gir utan at vi øydelegg miljøet i for stor grad.

Bruk av moderne informasjonsteknologi og multimedia på utstillinga gjer at dei som besøkjer den, blir aktive deltakarar i staden for passive tilskodarar. Det er også bruk av moderne teknologi som gjer at eg kan sitje heime i Florø, og samtidig vere til stades på opninga av denne nye utstillinga på Hunderfossen.

Den enorme teknologiske utviklinga i samfunnet har endra perspektivet på utdanning og læring. Utviklinga fører til at det blir stilt store krav til evna til å tileigne seg og dra nytte av ny kunnskap gjennom heile livet. Det gjer at livslang læring blir eit overordna perspektiv i nasjonal kompetansepolitikk, slik det er framheva i regjeringa sitt langtidsprogram. Då gjer det heller ingen ting om læring kan skje samtidig med at ein har det moro! Læring gjennom leik kan ofte vere den beste form for læring - det er bruken av denne parken eit godt døme på.

Ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi vil kunne forandre kvardagen og samfunnet vårt i like stor grad som den industrielle revolusjonen gjorde tidlegare. Informasjonsteknologi gjer at vi kan arbeide med, lagre og transportere store mengder av informasjon stadig raskare og rimelegare. Dagleg møter vi døme på korleis teknologien blir brukt i kvardagen: Varene vi kjøper i butikken, blir registrerte ved hjelp av strekkodar. Vi omgir oss med stadig meir avansert elektronikk i heimen vår. Tenester i bank og postvesen skjer elektronisk. Telekommunikasjon tilbyr stadig fleire tenester, osb. Bruk av Internett gjer at vi kan kommunisere og utveksle informasjon med folk og institusjonar over heile verda.

Det er eit mål for norsk utdanningspolitikk at informasjonsteknologi skal integrerast i opplæringa. Dette er nødvendig fordi elevane må kunne meistre bruk av teknologi for å bli rusta til dei krava dei vil møte seinare i arbeidslivet. Skulen må òg leggje eit grunnlag for å utvikle den kompetansen som landet treng for å kunne ta del i kunnskapsutviklinga. Internasjonalt ser vi at dei fleste land i verda, legg stor vekt på bruk av informasjonsteknologi i opplæringa.

Prosjektarbeid har fått stor plass både i grunnskulereforma og i Reform 94. Det er viktig at opplæringa blir knytt til « eigne observasjonar og opplevingar, slik at elevane etter kvart får praktisk røynsle med at kunnskap og tameer noko dei sjølve kan vere med på å utvikle», for å sikre generell del av læreplanen.

Eg ser at Energisenteret har satsa mykje på å tilby undervisningsopplegg for alle skoleslag og klassetrinn, og at det òg kan tilby materiell for prosjektretta opplæring. Dette er eit godt døme på korleis den kunnskapen og dei ressursane som finst i næringslivet, kan brukast i opplæringa. Eg er glad for å sjå at dette blir brukt ved at fleire hundre skuleklasser besøkjer senteret kvart år.

Eg håper at den nye utstillinga kan medverke til at både elevar og andre som kjem hit, får ei oppleving som gjer at dei får betre innsikt i kor mykje elektrisk energi har å seie for levesettet vårt, og kor viktig det er for miljøet at den blir forvalta på ein god måte. Det kan og vere med på å auke lysta til å lære meir, og dermed stimulere til eit større engasjement både når det gjeld energibruk og miljøspørsmål.

Lykke til med utstillinga!

Lagt inn 10 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen