Historisk arkiv

Opningsforedrag på seminar med det norske universitetsråd og det norske høgskulerådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Opningsforedrag på seminar med det norske universitetsråd og det norske høgskulerådet

2. juni 1997

Det begynner å bli ei stund sidan eg tok initiativ til å få i stand eit seminar med representantar frå Det norske universitetsråd og Det norske høgskulerådet med sikte på meiningsutveksling om overordna utdanningspolitiske spørsmål. Eg er glad for at vi endeleg har funne ein dato som passa. I mellomtida har eg også hatt gleda av å vere til stades både på rådsmøte i Det norske høgskulerådet i mars og på representantskapsmøte i Det norske universitetsråd no nyleg. Ved begge desse høva var eg invitert til å komme med synspunkt på viktige utfordringar i utdanningspolitikken i åra framover. I vid forstand er dette temaet også i dag, og eg står derfor i ein viss grad i fare for å gjenta meg sjølv. I dag har eg likevel eit litt anna utgangspunkt, sidan det er eg som inviterer, og eg vil nytte dette høvet til å setje nokre spørsmål på dagsordenen som eg gjerne vil ha synspunkt på frå denne forsamlinga. Eg håper vi kan få ein fri og ubunden diskusjon.

I hovudsak er det to spørsmål eg ønskjer å ta opp: For det første: Kva slags høgre utdanning treng vi i framtida? For det andre: Korleis skal vi få denne? Sidan desse spørsmåla er svært generelle, skal eg prøve å vere litt meir konkret. Når ein spør kva slags utdanning "vi" treng i framtida, må ein sjølvsagt også ha klart for seg kven "vi" er: Tenkjer ein på behova for spesifikk kompetanse i arbeids- og næringslivet, på kva rolle utdanning kan og bør spele for samfunnsutviklinga meir generelt, eller på behov og ønske hos den enkelte? Kan hende peiker desse ulike behova og omsyna i same retning, kan hende ikkje; i alle fall er dette eit perspektiv vi må ha med oss.

I

Eg vil begynne med forholdet mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og arbeids- og næringslivet. Dette er eit tema som for tida får mykje merksemd også i ulike internasjonale fora. Mellom anna diskuterer ein om utdanningsinstitusjonane gir den utdanninga som næringslivet og samfunnet treng. Det blir dessutan spurt korleis ein kan involvere arbeids- og næringslivet sterkare i utforminga og gjennomføringa av studietilboda for å gjere dei meir relevante.

Vi finn igjen denne problematikken i fleire ulike debattar her i Noreg. Til dømes oppfattar eg arbeidet som er sett i gang med ein gjennomgang av cand.mag.-graden ved universiteta, mellom anna som eit resultat av at graden har fått ein meir uklar og kanskje lågare status i arbeidslivet. Ved dei statlege høgskulane går det føre seg ein debatt om innhaldet i fleire av yrkesutdanningane, der eit viktig spørsmål er om dei er i ferd med å bli for akademisk orienterte i høve til dei yrka dei skal kvalifisere for. Ein ser òg tendensar til at det blir stilt spørsmål ved om det er nødvendig med tre års høgre utdanning for å bli t.d. sjukepleiar, vel å merke ikkje frå institusjonane sjølve, men frå ulike hald i samfunnet utanfor.

Eg skal ikkje ta konkret stilling til desse spørsmåla her. Men eg er ikkje i tvil om at vi er inne i ei tid der forholdet mellom det teoretiske og akademiske på den eine sida og det praktiske og yrkesretta på den andre blir viktigare. Dette har samanheng med den raske endringstakta samfunnet utviklar seg i. Som på mange andre område trur eg det er snakk om å finne ein riktig balanse. Korleis kan ein sameina dei verdiane som ligg i universiteta si tradisjonelle rolle som kunnskapsberarar, og som vi ikkje må miste, med krava som blir stilte til ferdige kandidatar når dei skal ut i arbeidslivet? I kva grad er det ønskjeleg med ei såkalla marknadstilpassing av studietilboda? Og er veletablerte yrkesutdanningar ved dei statlege høgskulane, tradisjonelt solid forankra i praksis, i ferd med å fjerne seg frå behova i arbeidslivet gjennom det som på fint blir kalla academic drift? Gjer kravet til forskingsbasert undervisning og den auka vekta på formalkompetanse at verdiane som ligg i erfaringskunnskap og praksisnærleik blir nedvurderte, eller går tapt? Dette er eksempel på den meir overordna problemstillinga, eksempel som eg håper kan tene som innfallsvinkel til ein fruktbar diskusjon.

La meg leggje til at de ikkje må tolke meg slik at eg meiner at universiteta er røyndomsfjerne og høgskulane uakademiske. Eg er sjølvsagt fullt klar over at begge institusjonstypane tilbyr ein kombinasjon av yrkesretta utdanningar og såkalla frie studium. Men som eg sa på møtet i Høgskulerådet i mars, har det aldri vore meininga at institusjonane skal bli like, berre like verdige, og ingen vil vel vere ueinig i at dei har ulike tradisjonar. Dette kan vere fruktbart, og når det gjeld balansen mellom akademisk innhald og framtidig yrkeskompetanse, trur eg at ei meinings- og erfaringsutveksling kan ha noko å tilføre begge.

Så til spørsmålet om arbeids- og næringslivet kan, og ikkje minst bør, involverast nærmare i utforminga av studietilbodet. Det er relativt brei semje internasjonalt om at det er ønskjeleg å utvikle tettare kontaktar mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og arbeidslivssida. Oftast blir nok dette nemnt i samband med overføring av forskingsresultat frå institusjonar til bedrifter som basis for innovasjon, næringsutvikling og auka konkurranseevne, men det er òg høgst relevant i samband med spørsmålet om det studietilbodet som blir gitt, er det samfunnet spør etter.

Ein fersk OECD-rapport(1) viser at samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv om utforming og organisering av studietilbod, utveksling av personale m.m. er mindre utvikla i Noreg enn i land som t.d. Storbritannia, USA, Sverige og Australia. Dette gjeld særleg universiteta, sjølv om det finst unntak innanfor enkelte fag. Sidan ein svært stor del av kandidatane frå universiteta til no har fått arbeid i det offentlege, er det ikkje minst viktig å utvikle samarbeidet med denne sektoren. Når det gjeld næringslivet, gjer det store innslaget av små og mellomstore bedrifter at det er mest aktuelt med samarbeid på lokalt og regionalt nivå.

Eg treng knapt leggje til at eit tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og bedrifter og offentlege verksemder også vil ha positive verknader blant dei sistnemnde; mellom anna vil dei få auka kunnskap om kva kompetanse dei universitets- og høgskuleutdanna faktisk har og dermed kva dei kan brukast til, og samtidig eit meir bevisst forhold til sitt eige framtidige kompetansebehov.

Den nemnde OECD-rapporten tar ikkje berre for seg innhaldet i studietilboda, men òg sjølve undervisningsformene. Igjen er spørsmålet om dei undervisningsmetodane som blir brukte, er dei som er mest eigna til å førebu studentane på yrkeslivet. Spesielt gjeld dette forelesingsforma med evaluering i form av tradisjonelle skuleeksamenar. Rapporten peiker på at konservatisme på dette området er eit generelt problem i OECD-landa. Det blir tatt til orde for metodar som i større grad tar utgangspunkt i studentane og tvingar dei til å formulere problemstillingar og finne løysingar, som problembasert læring, gruppe- og prosjektarbeid osv, med meir varierte og læringsfokuserte evalueringsformer. Også i denne samanhengen blir det trekt fram dei sjansane som ligg i samarbeid med nærings- og arbeidslivet, t.d. i samband med prosjekt- og feltarbeid.

Ekspertgruppa som står bak rapporten, nemner elles at fleire av institusjonsrepresentantane dei intervjua, meinte at utviklinga av nye undervisningsformer er blitt forseinka på grunn av studenteksplosjonen. Etter gruppa si meining kunne ein like godt argumentere med at endringane burde tvinge fram nyvinningar i undervisninga som svar på nye behov. Om ein les mellom linjene, ser ein også at det blir oppfatta som eit problem i denne samanhengen at undervisning i så liten grad er meritterande ved tilsetjing i akademiske stillingar.

Vi har lenge vore merksame på denne problemstillinga, og lovendringa som førte til at det no er eksterne representantar i alle institusjonsstyra, hadde nettopp som formål å styrkje kontakten med verda utanfor. På institusjonsnivå finst det mange eksempel på ulike typar samarbeid med næringslivet: Til dømes har eg fått opplyst at 30 % av siv.ing.-studentane ved NTNU utfører diplomarbeidet sitt i ei bedrift, og innanfor etter- og vidareutdanning blir studietilbod i mange tilfelle utvikla i eit samarbeid mellom tilbydar og oppdragsgivar.(2) Eg kjenner òg til at institusjonane trekkjer inn kompetanse frå næringslivet gjennom bistillingar. Spørsmålet er likevel om ikkje potensialet som ligg i denne typen samarbeid kan utnyttast betre, noko OECD-rapporten svarer eit klart ja på.

Når det gjeld spørsmålet om i kva grad utdanningstilboda skal tilpassast behov i arbeidslivet, vil eg òg nemne ei problemstilling som kan melde seg i samband med etter- og vidareutdanningsreforma. Som eg har sagt på begge dei tidlegare møta, er dette ei viktig reform der universitet og høgskular, som dei fremste kunnskapsinstitusjonane i landet, vil spele ei sentral rolle. Samtidig veit vi at ein stor del av dei yrkesaktive manglar vidaregåande opplæring.(3) Som de veit, er reforma førebels på eit tidleg stadium der mykje står igjen å avklare, men det vil bli eit spørsmål om formell studiekompetanse skal kunne erstattast av ei vurdering av realkompetanse for personar i denne gruppa. Ei anna løysing kan vere å opne for personar utan studiekompetanse, men då slik at dei ikkje får vekttal eller ordinær eksamensutskrift, men eit kursbevis der det går fram at dei ikkje har studiekompetanse og at utdanninga derfor ikkje kan gi vekttalsutteljing i grad. Dette skjer allereie i dag. Denne problemstillinga vil eg òg gjerne høyre synspunkt på.

II

Ei anna side av spørsmålet om samsvar mellom utdanningstilbod og behov er dimensjoneringa. Kandidatundersøkingane frå NIFU har t.d. vist at det dei siste ti åra er blitt stadig vanskelegare for nyutdanna akademikarar å finne relevante jobbar i overgangen frå studium til arbeidsliv, sjølv om tala frå 1996, som nyleg er offentleggjorde, viser ein gledeleg nedgang i arbeidsløysa i tråd med den generelle utviklinga, unntatt for juristane.(4) Sidan behova i arbeidslivet endrar seg over tid, vil det på eit gitt tidspunkt sannsynlegvis vere underkapasitet i nokre utdanningar og overkapasitet i andre. Spørsmålet blir då korleis ein kan redusere dette misforholdet. Eit anna forhold igjen er utdanningskapasiteten i høve til søkninga; eit studium der prognosane tyder på stort behov, kan likevel ha låg søkning, slik vi no ser det med ingeniørutdanninga.(5) Sett på spissen kan spørsmålet bli: Er det etterspurnaden eller behovet i arbeidslivet som skal vere styrande?

Ei anna side ved dimensjoneringsspørsmålet er blitt tatt opp av mellom andre Christian Hambro og Steinar Stjernø, som begge, om enn ut frå litt ulike motiv,(6) har gjort seg til talsmenn for ei overføring av studieplassar på lågare grads nivå frå universiteta til høgskulane. Kort sagt: Korleis og i kva grad bør dimensjoneringa styrast, og ut frå kva kriterium?

Lat meg minne om at det har vore og er eit politisk mål for Regjeringa å komme interessa for utdanning blant ungdommen i møte. Dette er også eit mål det har vore brei semje om, og eg meiner vi har greidd oppgåva godt. Etter mitt skjønn har vi også greidd å halde oppe eit høgt kvalitetsnivå. Men det vil framleis vere ei stor utfordring å gi eit utdanningstilbod som er best mogleg i samsvar både med ønska til søkjarane og behova i næringsliv for å møte den internasjonale konkurransen er vi avhengive av for å halde på og uvikle vidare velferdstilbodet for oss og kommande generasjonar.

Den politikken som har vore ført, har i nokon grad prøvd å ta omsyn til både etterspurnad og behov. Departementet fastset eit samla måltal for kvar institusjon og tildeler ressursar etter dette, samtidig som det fastset opptakstala for ein del utvalde utdanningar. Den sterke kapasitetsauken vi har hatt på 1990-talet, reflekterer den auka etterspurnaden, medan visse utdanningar dei seinare åra har vore prioriterte for å tilfredsstille behov i samfunnet. Ein kan seie at Regjeringa her har følgt ei pragmatisk linje. Det er likevel eit poeng at utviklinga heile tida har vore styrt.

Trass i at søkninga til høgre utdanning i år viser nedgang vil det vere lite tvil om at søkninga i framtida vil halde seg på et eit høgt nivå samanlikna med situasjonen ved inngangen til 90-talet. Samtidig vil studentveksten dei siste åra gi seg utslag i større pågang til hovudfag. Universitetet i Oslo åleine meiner dei har behov for 200 nye hovudfagsplassar i 1998. Universiteta og dei vitskaplege høgskulane har eit særskilt ansvar for utdanning på hovudfagsnivå, og både Stortinget og departementet har vore opptatt av korleis behovet for hovudfagsplassar kan tilfredsstillast. I Budsjett-innst. S. nr. 12 (1996-97) ba såleis fleirtalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen(7) om at universiteta i samråd med departementet vurderer ei gradvis vriding frå lågare til høgre grad. Dette har allereie skjedd i nokon grad i Tromsø og Bergen, og i den nyleg framlagde proposisjonen om opptaksreguleringa har departementet sagt at også Universitetet i Oslo bør kunne omdisponere plassar frå lågare grad til hovudfag.

Når det gjeld hovudfag har ein for ein stor del sett på etterspurnaden. Om ein skulle følgje den same logikken for ingeniørutdanninga, som eg alt har nemnt, måtte resultatet bli ein reduksjon i opptakskapasiteten. Dei siste åra har opptil 20 % av plassane stått tomme ved opptaket, og i tillegg kjem fråfall undervegs. Noregsnettutvalet for ingeniørutdanning, som la fram innstillinga si i september 1996, går likevel eintydig mot ein reduksjon i opptakskapasiteten. Eg siterer:

"Utvalget ser med bekymring på at søkningen er den bestemmende faktoren når et studietilbud vurderes opprettholdt eller nedlagt. Det tar tid å utvikle gode fagmiljøer, og disse bør ikke raseres umiddelbart fordi ungdoms søkermønstre endres fra år til annet. Nærings- og arbeidslivets behov for teknisk arbeidskraft, både nasjonalt og regionalt, bør være av avgjørende betydning."(8)

Utvalet meiner altså at kapasiteten må haldast oppe fordi samfunnet treng ingeniørar, sjølv om ein del av plassane for tida står tomme. Den same logikken kunne gjerast gjeldande for andre studium, men då med motsett resultat.

Dersom studietilbodet blir avpassa etter søkninga, risikerer ein altså, for å setje det på spissen, å utdanne hovudfagskandidatar som samfunnet ikkje har bruk for (jf undersøkingane frå NIFU,) samtidig som kapasiteten blir nedbygd på område der behovet i framtida vil vere stort. Tar ein derimot utgangspunkt i prognosar over framtidige behov, risikerer ein at prognosane er feil, igjen med det resultat at det blir utdanna for mange kandidatar på nokre område og for få på andre. Framtida er som kjent notorisk vanskeleg å spå om, og dei relativt lange utdanningsløpa på mange område gjer det ikkje enklare. Tala frå NIFU har til dømes vist at arbeidsmarknaden dei siste åra har vore relativt bra, i forhold til andre utdanningstypar, for filologar som meg sjølv. Eg undrar om det var det studentane fekk høyre frå studierettleiarane sine 6-7 år tidlegare. Ein ytterlegare kompliserande faktor er sjølvsagt at institusjonane i varierande grad utdannar for ein nasjonal, regional og lokal arbeidsmarknad.

Kva skal ein så gjere? Ingeniørutdanningsutvalet seier at næringslivet og institusjonane må bli flinkare til å seie ifrå om kva kompetanse det vil vere behov for. NIFU meiner derimot at utdanningssøkjarane ikkje bør ta omsyn til slike signal fordi prognosane er så usikre, men heller studere det dei har lyst til. OECD hevdar at sentrale direktiv som kanaliserer studentane inn i visse utdanningar der behovet i samfunnet er stort, ikkje er vegen å gå, medan departementet har meint at det er nødvendig med ein viss grad av styring. Her kjem naturlegvis også andre forhold inn, som distriktspolitiske omsyn og ikkje minst omsynet til ei best mogleg utnytting av dei samla ressursane i tråd med Noregsnett-tankegangen.

For å realisere potensialet i Noregsnettet har vi valt ein modell med styring av fagspreiinga, der departementet må godkjenne alle studietilbod. Saman med fastsetjinga av måltal og opptakstal har dette ført til kritikk om for mykje detaljstyring. Noregsnettet er, mellom anna, eit styringsinstrument, og det er vanskeleg å sjå korleis ein skal nå måla om arbeidsdeling og konsentrasjon av fagmiljøa dersom institusjonane t.d. sto fritt til å opprette kva studium dei ville. Her vil eg utfordre Steinar Stjernø:

Korleis skal ein få til ei overføring av ressursar ikkje berre mellom fagområde, men mellom institusjonar, utan denne typen styring? Skal det vere styring på nokre område, men ikkje på andre? Kvar skal i så fall grensa gå?

Eg vil bruke det nye Noregsnettrådet aktivt når det gjeld ei samla rådgiving på tvers av sektorgrenser om den langsiktige dimensjoneringa av utdanningstilbodet. Rådet er nettopp meint å skulle ha eit heilskapleg og langsiktig perspektiv på utviklinga innanfor høgre utdanning. Dimensjoneringsspørsmålet er ein naturleg del av dette. Rådet vil her vere avhengig av eit nært samarbeid med Det norske universitetsråd og Det norske høgskulerådet og dei faglege samarbeidsorgana under desse råda.

Eg vil også introdusere eit anna tema. Vi står framfor eit generasjonsskifte ved mange av utdanningsinstitusjonane våre. Dette gjeld ikkje alle fag og har ulik relevans for universiteta og høgskulane. Men det vil merkast. Derfor tar eg opp temaet. Ein grunn for dette er at forskarutdanninga kjem under press. Der har vi gjort mykje dei siste åra, både når det gjeld dimensjonering og organisering. Trass i dette må vi ta diskusjonen i forkant, ikkje når vi står midt oppe i situasjonen.

Ein annan grunn til å setje fokus på temaet er at den enkelte institusjonen bør sjå samanhengen mellom generasjonsskifte og ein fagleg gjennomgang av kva for profil og kva for omfang dei ulike fag bør ha i framtida. Det klassiske universitetsidealet tilseier at alt har relevans. Ikkje noko område bør ekskluderast. I motsetnad til dette kan følgjande spørsmål stillast: Har vi personar nok, studentar nok? Bør vi ha ei endring når det gjeld spesialiseringa ved universiteta? Spørsmåla er formulerte for å inspirere til debatt.

III

Eg håper sjølvsagt å få ein diskusjon om dei tema eg har reis. Eg reknar også med at forsamlinga vil ta opp andre emne. Ved dei to tidlegare møta er det eg som har snakka mest; i dag har eg meir tid, og vil bruke ein stor del av denne tida til å lytte. Eg ser fram til ein lærerik ettermiddag.

I kveld inviterer eg til ein middag som eg håper blir hyggeleg. Det ville vere gledeleg om de alle har høve til å delta.


(1) "Thematic Review of the First Years of Tertiary Education: Norway", OECD, April 1997 (vedlagd). Rapporten er merket "restricted" og foreløpig ikke frigitt av departementet. (2) T.d. 10 +10 vekttals studium i industriell emballering ved Høgskulen i Østfold og trygdestudia ved Høgskulen i Lillehammer og fleire andre høgskular. (3) Statistisk årbok for 1996 viser at 37,3% av nordmenn i aldersgruppa 16 år og over har grunnskule som høgaste fullførte utdanning, medan 44% har fullført vidaregåande utdanning. (4) Kjelder: Pressemelding frå NIFU 12.09.96 (kandidatundersøkinga 1995), Aftenposten 24.05.97 (kandidatundersøkinga 1996). Sjå vedlegg. (5) Søkninga til ingeniørutdanninga ser ut til å gå noko opp i 1997, men dette gjeld hovudsakeleg datalinja. (6) Hambro for å frigjere ressursar til forsking ved universiteta, Stjernø for å møte den sterke etterspurnaden etter visse yrkesretta utdanningar ved høgskulane, som t.d. sjukepleie. (7) Medlemmene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. (8) "Norgesnett - teknisk sett", s. 31. Lagt inn 3 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen