Historisk arkiv

Tale ved skulestart på Eidsvoll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Tale ved skulestart på Eidsvoll

13. august 1997

Kjære elevar, foreldre og lærarar.

Eidsvoll står for noko spesielt i norsk historie, det veit jo de som bur her. Eidsvoll - 1814 og 17. mai.

Eg synest det er flott å vere på Eidsvoll i dag saman med dykk, for utan samanlikning elles, så er dette òg ei historisk hending. Norsk grunnskule er 258 år. I desse dagar - i kvar einaste kommune i landet - går no alle 6-åringane for første gong på skuleveg. De er altså litt spesielle, og eg håper at de gleder dykk. Men det er nokre andre som òg er litt spesielle i år, og det er de 7-åringar. De har òg dykkar første skuledag, men de begynner i 2. klasse.

Til vanleg får vi ca 60 000 nye elevar på skulen i Noreg. Men i år er de blant dei ca 123 000 jentene og gutane som begynner på skulen.

Så 1997 er eit heilt spesielt år.

Eg hugsar veldig godt den første skuledagen min: Kriblingar i magen. Kva ville skje? Var det plass til alle elevane i klasserommet? Ville vi få lekser første dagen?

Eg veit at det er mange ulike kjensler de har inne i dykk. Ein og annan må hoppe lite grann, det er vanskeleg å stå stille - så glade er de, eller spente, forventningsfulle, litt usikre kanskje, men heilt sikkert er de nysgjerrige på kva de skal gjere på skulen, kva de skal lære, kva de skal gjere i friminutta, og om de får nye venner og om de har nokon å gå saman med.

Ein gut fortalde meg at han gledde seg veldig til å lære å lese - i tilfelle han fekk eit brev. Ei jente fortalde meg at ho gledde seg til å få lekser.

Eg har lyst til å gi dykk ei lekse i dag: Du skal vere ein god venn - også mot dei som ikkje akkurat er bestevennene dine. Eg ønskjer veldig sterkt at de skal trivast på skulen, ha det godt og lære mykje nytt kvar dag. Det gjer de best dersom de gleder dykk til å gå på skulen. Derfor ønskjer eg at de skal hugse på den leksa som eg gir dykk: Ver ein god venn.

De foreldre er nok òg spente og forventningsfulle, kanskje litt usikre. Det har jo vore mykje snakk og skriving om Reform 97, og de står nok her med mange spørsmål. Reform vil seie det same som forandring. Korleis blir no den 10-årige grunnskulen?

Vil den bli ein god skule for barnet mitt?

Eg har lyst til også å gi dykk foreldre ei oppgåve: Engasjer dykk i skulen. Først når heim - skule får til eit godt og likeverdig samarbeid, får vi ein god skule for barnet ditt. Ikkje forvent å finne den skulen du sjølv gjekk på, men sjå på skulen med framtidsbriller.

Eg vil gjerne vere veldig klar på dette: Eg har stor tru på Reform 97, den nye læreplanen legg til rette for ein god skule, ein skule for vekst og utvikling, for elevansvar, for at elevane skal få gjere, leike, skape, undersøkje, undrast og ta ansvar.

For meg er det viktig å vite at barn har det trygt og godt på skulen, at dei får tru på seg sjølve og det dei sjølve kan greie å utrette.

Og eg har stor tillit til den norske lærarstanden og til dykk lærarar som arbeider i Eidsvoll-skulen. Eg har stor tillit til at de møter utfordringane på ein profesjonell og god måte. Oppgåvene til lærarane er mangfaldige: de skal formidle, inspirere, motivere til innsats samtidig som de skal vise omsorg.

Barn er nysgjerrige og undrande. Denne holdninga må stimulerast og haldast ved like for å frigjere gleda og skaparkrafta.

Eg har lyst til at vi vaksne skal gi kvarandre ei oppgåve: Vise barna at vi bryr oss om dei, og at kvar enkelt står for noko spesielt.

(Sju elevar blir bedne om å komme opp på scena.)

Med dette erklærer eg den nye grunnskulen for opna!

Lagt inn 14 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen