Historisk arkiv

Utfordringar i kompetansepolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Opningsinnlegg i Rådsmøtet
22. april 1997, NTNU, Trondheim

Utfordringar i kompetansepolitikken

Kjære deltakarar.

1.
Slik Statsministeren så klart understreka, det er viktige og sentrale spørsmål som er tema for diskusjonane i dette rådsmøtet.

I Stortingsmeldinga om Langtidsprogrammet gir Regjeringa sine visjonar for samfunnsutviklinga. Opplæring og kompetanse har ein heilt sentral plass i det opplegget som programmet byggjer på.

Skal vi lykkast i forhold til sentrale mål om likestilling, verdiskaping og velferdsutvikling, må livslang læring bli eit overordna perspektiv i utdanningspolitikken.

2.
Korfor er livslang læring så viktig og nødvendig som reiskap i samfunnsutviklinga?

Samspelet mellom den politiske, økonomiske og teknologiske utviklinga skaper ei dramatisk aukande endringstakt i heile samfunnet. Dette presset påverkar oss kvar dag - som enkeltmenneske, arbeidstakarar og leiarar - og det påverkar organisasjonane og bedriftene. Vi må alle vere budde på eit tilvære der kontinuerleg omstilling er regelen og ikkje unntaket. Vi har fått ein global informasjonsteknologi, ei generell internasjonalisering og ei naturvitskapleg og teknisk utvikling - som utan tvil vil halde fram, og som stadig krev nye former for samhandling innanfor dei fleste samfunnsområda.

3.
Ut frå ei slik vurdering av samfunnsendringane kan ein gi ulike grunngivingar for livslang læring. Eg vil nemne tre som er sentrale for Regjeringa si tilnærming, som og står langt framme i den internasjonale debatten. I desse grunngivingane ligg også klare signal om korleis arbeidet skal innrettast.

Den første gjeld demokrati og deltaking.

Eit kort sitat frå Langtidsprogrammet:

"Regjeringas mål om livslang læring innebærer at folk skal ha herrredømme over sine liv og være aktive deltakere i utformingen av samfunnet. Aktivitet som foregår i organisasjoner og andre frivilliges regi er avgjørende for å sikre slik mulighet til deltakelse".

Den andre er omsynet til personleg utvikling og vekst.

Opplæring og kompetanse er eit gode i seg sjølv. Det gir livskvalitet og grunnlag for at den enkelte kan utvikle sine evner til beste for seg sjølv og for fellesskapen. Kunnskap er nøkkel til deltaking og innverknad.

Den tredje gjeld livslang læring som investering.

I Langtidsprogrammet seier Regjeringa klart at dei menneskelege ressursane er den største komponenten i nasjonalformua, og derfor utgjer det viktigaste grunnlaget for verdiskapinga og evna vår til å løyse fellesoppgåvene på ein god måte. Politikken må innrettast mot høg yrkesdeltaking, og kunnskapar og kompetanse i folket må betrast gjennom god grunnutdanning og etter- og vidareutdanning.

4.
Stortingsmeldinga om Langtidsprogrammet viser at Regjeringa ønskjer å styre samfunnsutviklinga.

Ei brei tilnærming i kompetansepolitikken er eit svært viktig grunnlag for Regjeringa sitt arbeid med å utvikle velferdssamfunnet vidare. Vi treng derfor eit heilskapleg og langsiktig perspektiv på arbeidet - eit perspektiv som går langt utover enkelttiltak for betre utnytting av teknologi og vitskap.

I ein rapport til UNESCO - "Learning - The Treasure Within"- seier kommisjonen som var leidd av Jacques Delors, at det er fire element som er grunnleggjande for ei framtidsretta utdanning. For det første må vi lære å leve saman. For det andre må vi lære å tileigne oss kunnskap. For det tredje må vi lære å bruke kunnskapane. Og for det fjerde må vi utvikle eit personleg ansvar som gjer at vi kan arbeide mot felles mål.

5.
Vi har eit godt utgangspunkt for dette arbeidet, også dersom vi samanliknar oss med andre land.

Det er lagt til rette for omfattande reformer i utdanning og forsking. Dei store reformene i grunnskule og vidaregående opplæring vil sikre barn og ungdom ei god og framtidsretta grunnutdanning. Det er eit nødvendig grunnlag for læring seinare i livet.

Ei kvalitetsheving av skulen vil seie å få meir ut av det samla talent i befolkninga - og målet er å få til ei livslang kompetanseheving. Derfor står kultur, forsking og utdanning heilt sentralt. Kyrkja, kulturlivet, utdanningssektoren og forskinga har det til felles at dei skal vidareformidle og foredle tidlegare generasjonars visdom og kunnskap, samtidig som dei skal setje spørsmålsteikn ved nedarva fordommar og undertrykkjande holdningar.

Reformene i høgre utdanning og den sterke utbygginga av studieplassar viser kor sterkt det er satsa også på denne delen av kunnskapssystemet i Noreg.

Reformene i grunnutdanninga og i høgre utdanning legg også betre til rette for opplæring for vaksne. Det er ein hovedstrategi frå Regjeringa i den satsinga som no er varsla for vaksenopplæring og etter- og vidareutdanning.

Dei siste åra har har Arbeidarpartiet engasjert seg sterkt i etter- og vidareutdanningsspørsmål. Det har mellom anna ført til at Stortinget har bedt Regjeringa om å leggje fram ein nasjonal handlingsplan for vaksenoppplæring og etter- og vidareutdanning. Regjeringa har i sin tur sett ned eit offentleg utval - Buer-utvalet - som skal greie ut sentrale spørsmål i dette store feltet, og innan hausten 1997 leggje fram si innstilling.

Eg vil spesielt nemne at Regjeringa legg stor vekt på at partane i arbeidslivet har slutta opp om dette utgreiingsarbeidet. Det illustrerer ein av dei sentrale kvalitetane ved den norske samfunnsmodellen; eit forpliktande samarbeid mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene. Eit slik samspel er eit viktig, nødvendig og heilt avgjerande grunnlag for dette reformarbeidet.

Dei prinsippa som er lagde til grunn for Buer-utvalet, finn ein igjen i Regjeringa sitt langtidsprogram. Det gjeld mellom anna desse punkta:

Reformene skal sikte mot auka likestilling i etter- og vidareutdanning. I dag er deltakinga i slik opplæring slik at dei som har minst utdanning og arbeider på lågare nivå i verksemdene, lite nyttar seg av opplæringstilboda. Her ligg det ein fare for utvikling av nye klasseskilje - mellom dei som kan og dei som ikkje kan.

Reformene skal gi den enkelte betre høve til å sikre seg relevante kvalifikasjonar. Det gjeld ikkje berre dei med låg grunnutdanning, men òg om alle dei som treng oppdatering og ny opplæring på grunn av tekniske og organisatoriske omstillingar i bedriftene. Behova til den enkelte må her òg vurderast opp mot behova til bedriftene; dei er ikkje nødvendigvis samanfallande.

Reformene skal vidare gi høve til opplæring også for dei gruppene som av ulike årsaker er utanom arbeidsmarknaden for kortare eller lengre tid. Dette gjeld arbeidssøkjande generelt, det gjeld innvandrarar og flyktningar, funksjonshemma og yrkeshemma, vaksne med omsorgsoppgåver, og det gjeld sjølvsagt også ei aukande gruppe av alderspensjonistar.

Behova vil vere mange, og dei vil spenne vidt. Derfor må også tiltak vere varierte og mangesidige.

6.
Programmet for dette rådsmøtet er delt i tre hovuddelar:

  • Behova for kompetanse og kvalifikasjonar framover.
  • Kva er god kompetansepolitikk for å møte desse utfordringane?
  • Korleis kan vi gi alle høve til å delta i livslang læring, og på den måten nå dei måla som er sette for utdannings- og kompetansepolitikken?

Eg kjenner at forventningane til mitt departement er store og aukande. Eg ser dette rådsmøtet som eit unikt høve til å få råd frå ulike sektorar i samfunnet om korleis ein heilskapleg og framtidsretta kompetansepolitikk skal utformast.

Det er eit viktig og krevjande arbeid vi har framfor oss.

Eg gler meg til denne dagen. Vi får bruke den godt!

Lagt inn 24 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen