Historisk arkiv

Oppretting av Tverrådalen naturreservat og Førland/Sletthei landskapsvernområde i Lund kommune i Rogaland fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

13. desember 1996

Oppretting av Tverrådalen naturreservat og Førland/Sletthei landskapsvernområde i Lund kommune i Rogaland fylke

Regjeringa har i statsråd i dag fatta vedtak om vern av følgjande områder i Lund kommune i Rogaland fylke:

  1. Tverrådalen naturreservat på ca 2,5 km2
  2. Førland/Sletthei landskapsvernområde på ca 8 km2

Formålet med naturreservatet er å bevare ein ubebygd og økologisk svært variert låglandsdal med dei viktigaste skogtypane i Dalane, i tillegg til meir sjeldne skogtypar som lågurt-eikeskog, gauksyre-småbregne-eikeskog, rik lindeskog, alm-askeskog, rikmyr og fleire regionalt sjeldne planteartar.

Formålet med landskapsvernområdet er å bevare eit lyngheiområde med store tørrheier på lausmasser, store homogene fuktheier og eit godt bevart heiegardsmiljø i eit heilskapleg natur- og kulturlandskap.

Fylkesmannen sendte forslag til verneplan for Tverrådalen naturreservat og Førland/Sletthei landskapsvernområde ut på lokal høyring med frist 17. september.1993. Direktoratet for naturforvaltning sendte verneplanen på sentral høyring med frist 19. juni 1995.

Grenser og verneforskrifter er vorte noko justert for å imøtekomme andre interesser som er framkomme under høyringa.

Verneforskrifta for naturreservatet inneber i grove trekk at vegetasjon og dyreliv er freda. For landskapsvernområdet inneber verneforskrifta at eit lyngheiområde blir bevart i eit heilskapleg natur- og kulturlandskap. Viltlova sine føresegner gjeld for jakt som blir utøvd i verneområdene.

Forvaltningsstyresmakta kan utarbeide forvaltningsplanar med nærare retningsliner for gjennomføring av tiltak når det gjeld forvaltning, skjøtsel, tilretteleggjing, informasjon og rådgjeving.

Forvaltninga av verneområdene er lagt til Fylkesmannen i Rogaland.


Kontakt: Miljøvernavdelinga i Rogaland kan gi nærare opplysningar om verneområdene og treffes på tlf: 54 56 89 00.


Lagt inn 13 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen