Historisk arkiv

Avgrensa rotenonbehandling av Lærdalselva

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

8. april 1997

Avgrensa rotenonbehandling av Lærdalselva

Miljøverndepartementet har i dag avgjort å oppretthalde vedtaka i Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Direktoratet for naturforvalting (DN) om ei avgrensa behandling av Lærdalselva med rotenon for å hindre at lakseparasitten Gyrodactylus salaris (Gyro) blir spreidd med utvandrande laksesmolt til andre vassdrag i regionen. Vedtaka har vore påklaga av Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og av Noregs Miljøvernforbund.

Statens dyrehelsetilsyn avgjorde i går at behandlinga kan gjennomførast så snart Miljøverndepartementet eventuelt har gitt løyve etter lakselova og forurensingslova. Departementet sitt vedtak inneber difor at den avgrensa behandlinga av Lærdalselva kan gjennomførast som planlagt den 9. april.

Det er lagt stor stor vekt på at dette er ei avgrensa behandling som tek sikte på å redusere faren for spreiing av Gyro til andre vassdrag i Sognefjorden. Departementet har vidare lagt vesentleg vekt på dei faglege råd og vurderingar som har vore gitt frå veterinærstyresmaktene og frå DN og SFT.

I klagene til Miljøverndepartementet har det ikkje kome fram nye vesentlege moment som tilseier at vi bør late vere denne behandlinga, og dermed ta sjansen på ei massiv spreiing av Gyro i regionen. Likevel er bruk av rotenon eit svært vanskeleg miljøpolitisk spørsmål, og Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet vil i løpet av det næraste halvåret gå gjennom strategiar og tiltak for det vidare arbeidet med Gyro-problema. Det vil då bli sett spesielt på bruken av rotenon som ledd i dette arbeidet. Ei eventuell seinare fullskala behandling av Lærdalselva med sikte på å utrydde parasitten frå vassdraget vil bli vurdert i lys av desse avklåringane og ut frå ei grundig faglege vurdering av kor truleg det er at ei slik behandling vil lukkast.

Lagt inn av 9 april 1997 Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen