Historisk arkiv

Brei satsing på miljøvern i statsbudsjettet for 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

13. oktober 1997

Brei satsing på miljøvern i statsbudsjettet for 1998

Miljøverndepartementet sitt budsjett for 1998 blir på 2914,8 millionar kroner. Etter Regjeringas framlegg blir auken på 20,7 prosent i samanlikna med 1997. Auken kjem av at Statens miljøfond nå vert oppretta med ei låneramme på 500 millionar kroner. Held ein midlane til miljøfondet utanfor ligg framlegget til miljøvernbudsjett omlag på same nivå som i 1997. Dette er eit godt budsjett, ikkje minst når ein tar omsyn til at miljøvernsatsinga på dei andre departementa sine arbeidsfelt er stadig aukande, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen.

Ved framlegg av statsbudsjettet har det gjennom fleire år vore vanleg å presentere eit oversyn over Regjeringa si totale miljøvernsatsing. Siktemålet med å registrere miljøverntiltaka i dei ulike offentlege sektorar har vore å streke under fellesansvaret for miljøutvikla både nasjonalt og globalt. I neste års statsbudsjett er det lagt opp til ein samla innsats på reine miljøverntiltak på 6430 millionar kroner, ei auke på 745 millionar samanlikna med 1997. Det er også auke i dei to andre kategoriane, nemleg for tiltak som er sterkt miljøvernmotivert og tiltak som delvis er miljøvernmotivert.

Det er avgjerande for kvaliteten i dei totale forbetringane i samfunnet, at miljøkonsekvensane av utviklingstiltak og ressursbruk blir integrert i all samfunnsverksemd. Miljøvernministeren vektlegger at det er store oppgåver å ta fatt på innan mange sektorar i åra framover, sjølv om ein kan registrere både auka forståing og at det er gjort viktige framsteg på mange områder.

Miljøvernpolitikken må i dei næraste åra særleg fokusere på to hovudutfordringar: Framleis opprydding og vedlikehald av oppnådde resultat og oppnå endringar av produksjons- og forbruksmønstra slik at vi kan halde oppe velferden innafor naturen sine rammer. For at vi skal kunne utvikle eit økologisk berekraftig samfunn må vi lukkast innafor følgjande områder:

  • Vern og bruk av biologisk mangfald
  • Klimapolitikken
  • Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
  • By og tettstedsutvikling
  • Nord- og polarområda
  • Kulturminner og kulturmiljø

- Særleg er det viktig i eit langsiktig perspektiv å lukkast i arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet, tiltak for avgrensing i utslipp av klimagassar og miljøfarlege kjemikaliar, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen i ein kommentar til miljøvernbudsjettet for 1998.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen