Historisk arkiv

ETABLERING AV STATENS MILJØFOND

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

13. oktober 1997

ETABLERING AV STATENS MILJØFOND

For å stimulere alle slags verksemder til å ta i bruk og vidareutvikle ny miljøvennleg teknologi gjer Regjeringa i statsbudsjettet for 1998 framlegg om å opprette Statens Miljøfond med ein grunnkapital på 500 millionar kroner. Dette vil bli eit viktig virkemiddel som vil supplere dei andre virkemidla svært godt, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen.

Regjeringa sitt framlegg om å opprette Statens Miljøfond som eit nytt virkemiddel er i tråd med framlegget i St.meld. nr 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for ei berekraftig utvikling. Framlegget går ut på at det blir ført opp i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 1998 500 millionar kroner i låneramme og 100 millionar kroner som grunnkapital til føremålet. Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) skal forvalte fondet på vegne av Miljøverndepartementet.

Føremålet for Statens Miljøfond er å stimulere til bruk og vidare utvikling av teknologi som kan føre til reduserte utslipp av klimagassar og andre miljøskadelege utslipp. Fondet vil bidra til å sikre finansiering av prosjekt som elles ikkje ville blitt finansiert ut frå reine bedriftsøkonomiske vurderingar. Dei prosjekt som får slik støtte vil ha stor overføringsverdi til andre delar av det norske samfunn og være til hjelp til synleggjering av korleis ein kan ta i bruk gode miljøløysingar. Miljøfondet kjem i tillegg til andre støtteordningar for miljøteknologi som Statens forureiningstilsyn og Norges Forskingsråd forvaltar.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen