Historisk arkiv

LOKAL AGENDA 21 - EI VITAMINPILLE FOR LOKALDEMOKRATIET OG LOKALT MILJØVERN

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

13. oktober 1997

LOKAL AGENDA 21 - EI VITAMINPILLE FOR LOKALDEMOKRATIET OG LOKALT MILJØVERN

Lokal Agenda 21 er ei utfordring for tradisjonelle arbeidsmåtar på alle område i samfunnet. I statsbudsjettet for 1998 legg Regjeringa vekt på at dei nye perspektiva skal inn i all løpande aktivitet og i nye tiltak i høve til kommunesektoren, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen. Budsjettet skal styrkjast for å gi rom for større aktivitet både mot kommunar, organisasjonar og institusjonar som arbeider med Lokal Agenda 21 og berekraftig utvikling. Sjølv om vi ikkje startar på bar bakke, krev denne jobben stor evne til omstilling frå så vel staten som frå andre aktører før vi kjem skikkeleg i gang med arbeidet, seier Berntsen.

Miljøverndepartementet sitt samarbeid med Kommunenes Sentralforbund sidan 1988 om å bygge opp miljøkompetanse i alle norske kommunar har kosta 700 mill kroner. Reformen blir no følgt opp med den nye satsinga på Lokal Agenda 21, som er ein internasjonal strategi for miljø og utvikling, forankra i Rio-konferansen. Arbeidet går ut på at alle verdas kommunar skal invitere innbyggarane sine til samarbeid om planar og tiltak for ei berekraftig utvikling. Skal vi få positive resultat av denne dugnaden må statlege og kommunale myndigheiter samarbeide nært og aktivt med lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar, meiner miljøvernministeren.

I eit langsiktig og globalt perspektiv er det viktig at kommunane ser Lokal Agenda 21 i samanheng med:

  • energiplanlegging og energiøkonomisering
  • utvikling av ein miljø- og ressursriktig infrastruktur
  • auke presisjonsnivået i arealpolitikken med særleg vekt på omsynet til biologisk mangfald
  • utvikling av ein lokal næringspolitikk for berekraftig produksjon og forbruk

Men Lokal Agenda 21 er meir enn miljøvern. For å nå langsiktige mål legg ein opp til prosessar med brei medverking, folkeleg mobilisering og samarbeid på tvers av sektorar og samfunnsområde. Dette er endringsprosessar som i stor grad må finne si forankring og sitt innhald lokalt utan at staten legg alle premissane.

Miljøverndepartementet har frå hausten 1997 fått eit kontor som skal koordinere miljøvernforvaltninga sitt arbeid med Lokal Agenda 21. Ei prioritert oppgåve blir å kople saman dei ulike kompetansemiljøa som arbeider med Lokal Agenda 21 og berekraftig utvikling.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen