Historisk arkiv

Miljøverndepartementet held fast ved sitt nei til veg mellom Årdalsstøyl-Åraksvadet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

08. oktober 1997

Miljøverndepartementet held fast ved sitt nei til veg mellom Årdalsstøyl-Åraksvadet

Miljøverndepartementet held fast ved vedtaket frå 1994 om ikkje å godta planane om bygging av veg mellom Årdalsstøyl og Åraksvadet i Bygland og Fyresdal kommunar. Miljøvernminister Thorbjørn Berntsen legg vekt på at det ikkje kjem fram nye opplysningar i dei rapportane, som er lagt fram frå lokale styresmakter, som endrar grunngjevinga for departementet sitt vedtak. Eit vegsamband mellom Årdalsstøyl og Åraksvadet vil vere med på ein bit for bit-reduksjon av eit stort samanhengande naturområde som er av nasjonal interesse.

Miljøverndepartementet ga 100 000 kroner til ei utgreiing kor ein kunne sjå næringsutvikling og miljø i samanheng med sikte på ei positiv utvikling i kommunane, utan å komme i konflikt med naturområder som er viktige for framtida. Resultatet låg føre hausten 1996 i form av en hovudrapport og tre delrapportar.

Rapportane har vore på høyring i fleire departementer og organisasjonar og det kom inn svært ulike vurderingar.

Ut frå ei nøye vurdering av dei omsyn som låg bak avgjersla om ikkje å godkjenne vegplanane i 1994 og dei opplysningar som seinare er kome fram gjennom utgreiinga og høyringa, finn ikkje miljøvernministeren at det ligg føre tilstrekkeleg sterke grunnar til gjere om vedtaket frå 22.12.94, som derfor står ved lag, heiter det i brevet til dei to kommunane.

Departementet syner til at det ligg eit potensiale i dei større samanhengande villmarksområda for miljøbasert næringsutvikling, og gjer merksam på at kommunar og lokale aktørar kan søke økonomisk støtte i miljø- og landbruksforvaltninga sine tilskotsordningar, til dømes bygdeutviklingsmidlar og vilt- og fiskefondsmidlar. Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet vil medvirke til å stimulere til miljøbasert næringsutvikling som utnytting av dei lokale jakt- og fiskeressursane, samt satsing på naturturisme og friluftsliv, heiter det i brevet frå miljøvernminister Thorbjørn Berntsen.

Pressekontakt: Hans Jacob Neumann, Tlf. 22 24 59 30

Lagt inn 8 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen