Historisk arkiv

PROGRAM FOR KARLEGGING AV BIOMANFALD I NORGE

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

13. oktober 1997

PROGRAM FOR KARLEGGING AV BIOMANFALD I NORGE

Regjeringa startar eit program for kartlegging, verdiklassifisering og overvåking av biomangfald i Norge. Programmet skal gjennomførast over ein 5-årsperiode til ein kostnad av 5 millionar kroner i 1998. Miljøvernminister Thorbjørn Berntsen fortel at programmet er ei lekk i Norge si oppfølging av FNs konvensjon om biomangfald. Satsinga vil gi planleggjarane og dei som tar avgjerda i ulike sektorar betre oversyn over dei biologiske verdiane vi forvaltar i Norge i dag.

Det er eit hovudsatsingsområde i budsjettet for 1998 å ta betre vare på det biologiske mangfaldet. I samband med dette vil Regjeringa sette i gang et 5-årig utviklingsprogram for kartlegging og verdiklassifisering av biomangfald. Fleire kommunar har allereie kartlagt sitt biomangfald, og dei erfaringane skal vi bygge vidare på når vi nå går inn med midler for å få alle kommunane i landet til å gjennomføre slik kartlegging. Det skal utviklast informasjonssystemer som gjør det lettare for dei som planlegg eller tar beslutninger i fylker, sektorar og i næringsliv å skaffe seg oversyn over den kunnskap som finnes. - Slik eg ser det er dette ein viktig føresetnad for at viktige samfunnsaktørar skal kunne utvikle vidare sitt miljøansvar, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen.

Resultata av programmet skal fortløpande leggast til grunn for sektorane sin aktivitet og kommunane sine arealplanar og vil bli ein viktig satsing i kommunane sitt arbeid med lokal Agenda 21. Samtidig blir det etablert eit overvakingsprogram for biomangfald i skog, myr og våtmark, kulturlandskap, fjell, ferskvann, kyst og hav, samt polarområda. Programmet som mellom anna skal legge vekt på overvåking av sårbar natur og sårbare og truede arter, skal være på plass i år 2002.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen