Historisk arkiv

Reguleringsplan for Sandvika i Strand kommune - konflikt mellom hyttebygging og friluftsliv avgjort

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

21. januar 1997

Reguleringsplan for Sandvika i Strand kommune - konflikt mellom hyttebygging og friluftsliv avgjort

Miljøvernminister Thorbjørn Berntsen har stadfesta reguleringsplanen for Sandvika i Strand kommune, med unntak av eit omstridd hytteområde inntil eit friområde i Sandvika. Miljøverndepartementet har dermed sagt seg samd i fylkesmannen sine innvendingar mot hyttebygging av omsyn til det allmenne friluftsliv.

Strand kommune gjorde i samband med handsaminga av reguleringsplanen framlegg om at grunneigaren skulle få høve til ny hyttebygging ved friområdet i Sandvika. Kommunen meinte grunneigaren sine planar om hyttebygging ikkje kom i konflikt med omsynet til det allmenne friluftslivet i området.

Fylkesmannen i Rogaland derimot hadde innvendingar mot bygging av hytter i området av omsyn til dei regionale friluftsinteressene. Området er den viktigaste bade- og rasteplassen som ein kan nå frå land i denne delen av kommunen.

Til grunn for si avgjerd legg Miljøverndepartementet vekt på at det er eit viktig nasjonalt mål å taka vare på naturområde for friluftsliv og rekreasjon langs kysten. Særleg gjeld dette område nær større byar og tettstader. I kyststrøk med folkerikt oppland og stor konkurranse om areala bør det bli slutt på tradisjonell hyttebygging på dei ubygde areala ein har att. Hyttebygging bør i framtida berre skje ved betre utnytting og fortetting av område som alt er teke i bruk til hytteføremål.

I fylkesplanen for friluftsliv er det aktuelle området avsett som regionalt friluftsområde som bør sikrast og bandleggast til friområde i kommuneplanen sin arealdel. Departementet legg vekt på kor viktig det er at kystsonen i slike områder vert forvalta etter heilskapleg og langsiktig planlegging. Departementet finn ikkje tilstrekkeleg grunnlag for at prioriteringane i fylkesplanen og kommuneplanen ikkje skal følgjast opp i reguleringsplanen. Kommunen får difor ikkje medhald i at det kan regulerast til hyttebygging innanfor området som er avsett til friluftsføremål i Sandvika.

Lagt inn 21 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen