Historisk arkiv

Rotenonbehandling av Lærdalselva

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

4. august 1997

Rotenonbehandling av Lærdalselva

Miljøverndepartementet har i dag vedteke å stadfesta Statens forureiningstilsyn (SFT) og Direktoratet for naturforvaltning (DN) sine løyver til å bruke rotenon med sikte på å utrydda lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Lærdalselva. Direktorata sine vedtak har vore påklagde av Norges Miljøvernforbund.

Fylkesveterinæren for Hordaland, Sogn og Fjordane har alt gjort vedtak om rotenonbehandling av vassdraget. Departementet sitt vedtak inneber difor at behandlinga av elva kan gjennomførast som planlagd i løpet av denne veka.

Departementet har lagt særleg vekt på at parasitten må fjernast frå vassdraget dersom ein skal kunne sikra Lærdalslaksen og dei samfunnsverdiane som er knytt til denne laksestamma og samstundes hindra at Lærdalselva vert liggjande som ei kjelde for smitte til dei mange andre viktige laksevassdraga i regionen. I dag kan ein berre oppnå dette ved bruk av rotenon. Departementet har og lagt vekt på at eksisterande kunnskap tilseier at konsekvensane for det biologiske mangfaldet i vassdraget vil væra relativt kortvarige.

Direktoratet for naturforvaltning og Statens dyrehelsetilsyn har nyleg lagt fram forslag til framtidig strategi for det vidare arbeidet i kampen mot Gyrodactylus salaris. I forslaget er det lagt opp til å føre vidare den hovudstrategien som er etablert for kampen mot denne parasitten som skal utryddast frå flest mogeleg infiserte vassdrag. Landbruksdepartementet og Miljøvern-departementet har hatt ein førebels gjennomgang av framlegget, og er samde om at denne hovudstrategien skal førast vidare.

Lagt inn 4 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen