Historisk arkiv

Barentshavprosjektet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

05.02.97

Barentshavprosjektet

Olje- og energidepartementet har motteke 9 søknader om utvinningsløyve i Barentshavprosjektet. Det har kome søknader på alle områda som er utlyst i Barentshavprosjektet. 10 selskap har levert søknader individuelt eller i gruppe. Selskapa som har levert søknader er: Agip, Amerada Hess, Elf, Enterprise, Hydro, Mobil, Neste, Phillips, Saga og Statoil.

- Eg er godt nøgd med den interessa som selskapa har vist for Barentshavprosjektet. Prosjektet vil leggje eit grunnlag for vidare leiting i området, med dei positive konsekvensar dette kan ha for statsinntekter og sysselsetjing i nordområda, seier olje- og energiminister Ranveig Frøiland.

Det har vore leiteaktivitet i Barentshavet sidan 1980. Frå og med 1980 er det tildelt om lag 60 blokker i Barentshavet Sør. Om lag 50 av desse blokkene er levert tilbake frå oljeselskapa til staten. Sjølv om ein har gjort fleire funn, har leitinga til no ikkje påvist økonomisk lønsame petroleumsressursar. Til tross for dette er det grunn til å tru at vesentlege mengder uoppdaga olje- og gassressursar ligg skjult i Barentshavet.

På 1980-talet var det høg leiteaktivitet i området og det vart bora inntil 7 brønnar kvart år. På 1990-talet er aktiviteten vesentleg redusert og det har ikkje vore grunnlag for boring kvart år. For å unngå at leiteaktiviteten i området skulle opphøyre heilt, vart det vedteke tilpassingar i regelverket. Med dette utgangspunkt har oljeselskapa søkt om utvinningsløyve under Barentshavprosjektet.

I utforming av Bartshavprosjektet har det vore ei utfordring å finne ein god balanse mellom dei omsyn som gjer seg gjeldande. Særleg utfordrande er det å finne ein god balanse mellom petroleumsverksemda, med dei inntektene og sysselsetjinga den kan gje i nord, og fiskeri- og miljøinteresser.

Under Barentshavprosjektet vil om lag 45 blokkar vere tildelingsaktuelle. Som det går fram av vedlagde kart, vil det vere einskilde område som vil verte definert som seismikkområde. Område for utvinningsløyve vil seinare verte fastlagde innafor desse seimikkområda.

Tildeling av utvinningsløyve vil skje mars/april 1997.

Barentshavet Sør

linkdoc026005-070005#docUndisplayed Graphic

linkdoc026005-070005#docKlikk her for større kart

Lagt inn 10 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen