Historisk arkiv

NATURKRAFT as - konsesjon for bygging og drift av gasskraftverk på Kårstø og kollsnes - handsaming av klagesaka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

05.06.97

NATURKRAFT as - konsesjon for bygging og drift av gasskraftverk på Kårstø og kollsnes - handsaming av klagesaka

30. oktober 1996 fekk Naturkraft AS konsesjon for bygging og drift av to gasskraftverk på 350 MW, eitt på Kollsnes og eitt på Kårstø. Vedtaket frå Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) vart påklaga. NVE oversende klagesaka til Olje- og energidepartementet 13. januar i år. Olje- og energidepartementet har no vedteke å avslå klagene på konsesjonen.

- Gasskraftavil gje inntekter og sysselsetjingog innebere vidareforedling av norske gassressursar. Norsk gasskraft er eit alternativ til kol-, olje- og kjernekraft og kan dermed bidra til eit betre miljø i Norden, seierolje- og energiminister Ranveig Frøiland.

Klagene frå Noregs Naturvernforbund, Natur og Ungdom, Framtida i Våre hender, Greenpeace, Noregs Miljøvernforbund, Noregs Jeger og Fiskeforbund og Bellona tok føre seg fleire spørsmål. I klagebehandlinga har Olje- og energidepartementet mellom anna vurdert om Naturkraft har utført naudsynt konsekvensutgreiing, spørsmålet om ei auking i utslepp av CO2, mogleg separering og deponering av CO2, utnytting av spillvarme frå anlegga og om moglege nettforsterkingar i sentralnettet er tilstrekkeleg utgreidd.

Fleire av klagarane meiner det er naudsynt å utsetje klagesaka til etter klimaforhandlingane i Kyoto i desember 97. Stortinget behandla 12. mai eit Dokument 8 framlegg frå stortingsrepresentantane Chaffey og Solheim om å utsetje klagebehandlinga til etter resultatet frå klimaforhandlingane er klart. Eit fleirtal i Stortinget avviste dette framlegget.

- Vi skal gjere gasskraft endå meir miljøvenleg, seier Ranveig Frøiland, og syner til dei vilkåra som vert sett:

  • Naturkraft skal leggje anlegga til rette for separasjon og deponering av CO2 og til å delta aktivt i forsking og utvikling av slik teknologi slik at han kan bli nytta.
  • Naturkraft skal leggje til rette for at ein inngår ei avtale med eigarane i anlegga for gassilandføring på Kårstø om utnytting av varme frå gasskraftverket.
  • Naturkraft skal leggje til rette for å utnytta energiinnhaldet i kjølvatnet frå anlegget på Kollsnes i samarbeid med Øygarden kommune, Hordaland kommune og oppdrettsnæringa. Olje- og energidepartementet skal godkjenne den løysinga for energiutnytting partane kjem fram til.
Lagt inn 10 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen