Historisk arkiv

Ny teknologi gjev betre ressursutnytting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

22.01.97

Ny teknologi gjev betre ressursutnytting

Det er laga nye overslag for framtidig produksjon av olje frå norsk sokkel. Dei nye tala syner ei samla produksjonsauke over dei neste 10 åra på om lag 170 mill. sm3. Dette svarer til om lag 1 mrd fat olje.

- Teknologiske nyvinningar gjer at oljeselskapa no får meir olje ut av eksisterande oljefelt enn vi tidlegare trudde var mogleg. Auken er eit døme på den rivande teknologiske utviklinga som går føre seg innan norsk oljeverksemd. Stiginga i produksjonen er derfor svært gledeleg for norsk oljeindustri og for landet, seier olje- og energiminister Ranveig Frøiland.

Auken skuldast i hovudsak to forhold: betre utnytting av ressursane i felt allereie i produksjon, samt ei auke i overslaga for sal av gass. Då fleire felt inneheld både gass og olje, gir auka sal av gass òg ei auke i oljeproduksjon.

Dei nye overslaga syner at produksjonen vil nå ein topp i åra 2000 og 2001 på om lag 3,7 mill. fat per dag. Dette gjev ein auke i år 2000 på om lag 300 tusen fat per dag. For 2001 var det siste overslaget på om lag 3,2 mill. fat per dag.

For 1998 stig overslaget frå i underkant av 3,1 til i underkant av 3,5 mill. fat per dag. Overslaget for 1997 er uendra frå tidlegare.

Auken i den samla produksjonen frå norsk sokkel kjem som følgje av tiltak knytt til å auke utvinninga frå felt som allereie er i produksjon. Ei oppjustering skuldast ikkje nye vedtak om å bygge ut fleire oljefelt.

Auka utvinning i eksisterande felt er eit døme på dei resultat som kjem blant anna som ein følgje av NORSOK-prosessen. Gjennom arbeidet i NORSOK har oljeselskapa saman med styresmaktene gjort mykje for å leggje til rette for meir effektiv produksjon av olje og gass for at oljeverksemda skal være godt budd for framtida.

Lagt inn 10 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen