Historisk arkiv

Oppdatert verdivurdering Statoil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

13.6.97

Oppdatert verdivurdering Statoil

- Olje- og energidepartementet har motteke to uavhengigeverdivurderingar av Statoil. Anslaga synerei oppjustering samanlikna med anslaga frå i fjor. Union Bank of Switzerland og DnB Marketshar bereknaverdien av selskapet til 110-126 milliardar kroner. Statoil er i ei aktiv investeringsfase som på sikt vil gjeauka verdiskaping, seierolje- og energiminister Ranveig Frøiland.

Departementet har sida 1993 fått utført ei årleg verdivurdering av Statoilkonsernet. Målsettinga med ei verdivurdering er å betre staten si eigaroppfølging. Goldman Sachs (London) og FIBA (Oslo) hadde oppdraget til 1996, då departementet ynska å skifte analyseselskap.

Verdivurderinga skal vere ein gjennomgang av Statoil som om selskapet hadde vore børsnotert. På det viset vil eigaren få ei betre forståing av sterke og svake sider ved selskapet, samt den historiske og framtidige utviklinga.

- Det er gledeleg at Statoil synerei verdiauke lik andre store internasjonale selskap, seier Frøiland.

Union Bank of Switzerland (UBS) sitt anslag på verdien av Statoil er 110-126 milliardar NOK. I fylgje UBS vil Statoil framleis ha ei svært positiv utvikling i si aktivitet på kontinentalsokkelen i Norge. Selskapet har vesentleg kompetanse og ekspertise til å oppretthalde solid aktivitet på norsk sokkel. UBS peiker samtidig på at Statoil i dei seinare år har hatt ei lågare avkasting på kapitalen enn fleire andre oljeselskap. Dette kan skuldast store investeringsforpliktelser og kan venteleg bli endra i åra som kjem. UBS peikar nett på at verdiaukinga må sjåast på lang sikt.

DnB Markets sitt anslag på verdien av Statoil er 110-120 milliardar NOK. DnB meiner at viktige strategiske utfordringar for selskapet vil vere å gjere utenlandsengasjementet lønsamt, å tilpassa seg overgangen til eit deregulert gassmarknad i Europa, å fokusere på kjerneaktivitetar, skapa/gå inn i alliansar og å gjennomføre kulturendringar i selskapet.

Statoil har no aktivitetar i 25 land. Både UBS og DnB peikar på ein viss risiko knyta til ei auka internasjonalisering av selskapet. Samstundes blir det stadfesta at Statoil har ei rekke teknologiske konkurransefordelar, blant anna innan dypvannsteknologi og bygging av rørsystem for gasstransport.

Lagt inn 16 juni av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen