Historisk arkiv

Verdivurdering av Statoil - skifte av analyseselskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

24.01.1997

Verdivurdering av Statoil - skifte av analyseselskap

Departementet har dei tre siste åra fått utført to uavhengige verdivurderingar av Den norske stats oljeselskap a.s (Statoil). Verdivurderinga er eit ledd i departementet si eigaroppfølging av Statoil. Formålet er å få ei løpande vurdering av utviklinga og verdiskapinga i selskapet.

I bruken av analysene legg departementet først og fremst vekt på den langsiktige utviklinga og særleg faktorar som selskapet sjølv kan påverke. Statoil er ikkje eit børsnotert selskap og aksjene vert ikkje omsett. Verdivurderinga er derfor eit overslag for korleis uavhengige børsanalytikarar kunne ha vurdert selskapet dersom det hadde vore børsnotert.

- Verdivurderinga har vist seg å vere eit nyttig verkemiddel i departementet si eigaroppfølging av Statoil og ein vil derfor vidareføre dette arbeidet. Dei årlege verdivurderingane er med på å understreke at Statoil skal skape størst mogeleg verdiar for eigaren over tid, gjennom utbetalt utbytte og ved at verdien av selskapet aukar, seier Olje- og energiminister Ranveig Frøiland.

Dei siste åra er det Goldman Sachs og FIBA Nordic Securities som har utført analysene. Departementet har vore godt nøgd med samarbeidet med desse selskapa og dei analyserapportane som har vorte presenterte. Etter tre år har ein likevel valt å gje dette oppdraget til nye analyseselskap som kan sjå på selskapet med friske auge og dermed gje departementet nye innspel.

Union Bank of Switzerland og R.S. Platou Securities er tildelt oppdraget med ei årleg verdivurdering av Statoil. Selskapa er valde ut for å gje sine vurderingar frå ein noko ulik ståstad, respektivt ein internasjonal synsvinkel og ei meir lokalt basert vurdering. Oppdraget er vidareført etter same modell som tidlegare. Dei uavhengige analyseselskapa er bedt om å vurdere verdien av selskapet og kome med kommentarar til utviklinga i selskapet.

Departementet forventar å offentleggjere dei to analyserapportane i midten av mai månad.

Lagt inn 10 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen