Alf J. Raaum ny direktør i Statens Pensjonskasse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Jagland
Utgiver: Planleggings- og samordningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 23.07.1997 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr: 58/97
Dato: 23.07.97
Alf J. Raaum ny direktør i Statens Pensjonskasse
Alf J. Raaum er i statsråd tilsett som administrerande direktør i Statens Pensjonskasse for ein periode på seks år. Raaum har vore direktør i Norsk forskningsråd sidan 1993. Der er han nå viseadministrerande direktør med ansvar for økonomi og administrasjon. Raaum er fødd i Fauske og er 50 år gammal. Av utdanning er han sosialøkonom med bedriftsøkonomi som spesialfag.
Den nye pensjonskassedirektøren har leiarerfaring både frå offentleg verksemd, bank, forsikring og interesseorganisasjon. Bl.a. har han vore økonomisjef i Nordland fylkeskommune og seinare fylkesrådmann i Nordland, assisterande banksjef i ABC bank og hatt eit engasjement som direktør i Arbeidsmarkedsbedriftenes Landsforening.
Alf J. Raaum er gift og har tre barn. Han etterfølgjer Reidar Leiro, som nå er ekspedisjonssjef i Justisdepartementet. Det var 19 søkjarar til sjefsstillinga i Statens pensjonskasse. Stillinga er på åremål, og det er mogleg å bli gjenoppnemnd éin gong.
Kontakt for nærmare informasjon: Rådgivar Hogne Tellnes, Planleggings- og samordningsdepartementet, tel. 2224 4959.
Lagt inn 24 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen